Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Strafferedning og to knallperler i sluttminutta avgjorde tiårets tettaste nabooppgjer.
Publisert: 09.05.2025 kl 22:01
Sist oppdatert: 09.05.2025 kl 22:04
Etter ein tung start på kampen fekk Rosseland opp dampen utover i første omgang heime mot eit godt, ungt Bryne-lag. Heimelaget spelte seg til fleire gode sjansar, men var ikkje like effektive som mot Riska. Kristen Reime missa åleine med keeper og Albert Tjåland hadde og eit par feite sjanser til å sende heimelaget i føringa.
Andreomgang vart tettare. Bryne II hang godt med og forsvarte seg godt. Gode dødballføter lagde uro i forsvaret til dei oransje, men Vetle Hovland, Truls Vagle og Jarle Madland stanga unna det meste. Så, midtvegs i omgangen, vart det raud jubel. Bryne II kom rundt på venstrekanten og spelte ut eit ryggande RBK-forsvar. Håkon Steen fekk heade i tomt mål - 1-0 til gjestene.
Etter skoringa brukte dei unge brynespelarane tida godt, keeper tok telling eit par gonger og krampa tok etterkvart banens beste, Martin Åmot Lye. Kreftene tok slutt, men då laget fekk eit billig straffespark 12 minutt før full tid vart det tent eit nytt håp. Steffen Bolme knuste håpet då han redda straffe, heimelaget fant nye krefter. Gode bytter og taktiske grep gjorde at Rosseland kom høgare i banen. Presset resulterte til slutt i velfortent scoring i form av eit kremmehus signert Vetle Apneseth.
Heimelaget ville ha meir og fekk betalt for det høge presset. Leander Seland Egelands knallperle på overtid var både flott og viktig, og ga full jubel på Rossebenken, hjå speaker og mesteparten av dei rundt 300 frammøtte tilskodarane.
Tilleggstida på sju minutt vart ein sjarmøretappe då kreftene hadde teke slutt hjå dei unge håpefulle.
Dermed 2-1 og femte strake siger for Rosseland, som no troner åleine på toppen av tabellen før toppkampen mot Hana.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.