Klargjør siden...
503 Backend fetch failed

Error 503 Backend fetch failed

Backend fetch failed

Guru Meditation:

XID: 456405629


Varnish cache server

Dryla.no

Vanvittig resultat etter strålande førsteomgang

Rosseland rundspelte Riska i 45 minutt, men vart taktisk utmanøvrert etter pause.

Publisert:

Sist oppdatert: 08.05.2025 kl 14:47

Rosseland hadde ikkje teke poeng mot Riska sidan 2008, men var store favorittar etter tre strake sigrar i serien.

Gjestene gjekk ut i hundre og trilla ball i høg fart på det raske Riska-kunstgraset. På topp var ein påskrudd Albert Braut Tjåland i skoringshumør. Det har ikkje blitt herja like mykje i ein omgang på Riska stadion sidan Vetle Myhre lekte fotball.
0-1 var ei knallperle i krysset frå rundt 18 meter, 0-2 og 0-3 kom etter nydeleg angrepsspel.

Etter 39 minutt hadde Albert skora fire, Geir Høyland eit, det stod 1-5 på resultattavla.
Ein cornervariant frå Truls/Einar sørga for 1-6 til pause, ikkje eit mål for lite.

Kva skal ein seie etter 45 minutts rundspeling, kva knapper skal ein trykke på? Gå for 10 eller halde nullen?
Rosseland ville gå for tosifra, Riska hadde andre planer.

Vetle Apneseth herja på venstrekanten mot Riska.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Vetle Apneseth herja på venstrekanten mot Riska. Foto: Gunnar U. Stangeland

Heimelaget la seg djupt med heile laget og satsa på kjappe kontringar. 2-6, 3-6 og 4-6 kom som perler på ei snor før Rosseland fant ut av taktikken til Riska-treneren.

Ei lita justering og så var kampen igjen inne på rett spor.
Då innbyttar Vetle Hovland skora 4-7 etter dødball var kampen igjen punktert. Eskil Tjåland (rett frå høgdetrening i Kongeparken) fekk æra av å setje inn kampens 12. skoring. 4-8 etter flott angrepsspel.
12 mål i ein bortekamp serien er tangering av borterekorden (1-11 over Hundvåg i 2023) og eit mål bak heimerekorden (13-0 heime mot Lura i 2022).

Rosseland toppar tabellen med fire strake sigrar, fredag blir det tøft byderby mot formlaget Bryne 2.

Om det ikkje var kaos nok i kampen, fekk Rosseland og tilreisande supporterar smaka på trafikkaos i tillegg då gravearbeid, ulukke og smale vegar sørga for ekstra lang tur heim med køar og venting.

KAMPFAKTA

503 Backend fetch failed

Error 503 Backend fetch failed

Backend fetch failed

Guru Meditation:

XID: 456405650


Varnish cache server

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

#Albert Braut TjålandVis flere

503 Backend fetch failed

Error 503 Backend fetch failed

Backend fetch failed

Guru Meditation:

XID: 456405679


Varnish cache server