Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Rosseland brukte kampen mot Klepp til førebuing før cupkamp mot Frøyland. Gjestene frå femtedivisjon ytte god motstand og scora årets mål på Rosselandsbanen.
Publisert: 08.03.2024 kl 09:35
Sist oppdatert: 08.03.2024 kl 10:29
Tysdagens oppgjer vart ein rotete kamp på Rosselandsbanen. For Rosseland, som hadde kamp tre dager tidlegare, handla mykje om å fordele speletid og å unngå skader før NM-kampen mot Frøyland mandag. Rosseland var klart best før pause, men Imre Aune var den einaste som greide å overliste Thomas Kyllingstad i Klepp-målet. Vetle Jakobsen sørga for 1-1 til pause med ei superscoring der han gjekk heile vegen frå eigen banehalvdel.
Svein Arne Monsen var spiss og kaptein frå start mot Klepp.
To flotte dødballmål i andre omgang gjorde at kampen enda med 3-1 seier til heimelaget. Geir Dahle Høyland og Einar Lye scora 2-1 og 3-1 for Rosseland. Klepp bomma på eit litt billeg idømt straffespark.
Noa Aarrestad (15) og Trond Tengesdal (19) debuterte for A-laget, då dei kom inn den siste halve timen av oppgjeret.
Foto: Gunnar U. Stangeland
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.