Dryla.no
Hovland og Rosseland over første hinder
Sondre Hovland var kampens store spelar då Rosseland enkelt tok seg vidare til andre kval. runde i NM.
Publisert: 19.03.2023 kl 09:56
Etter 19 sekund sette spissen inn 1-0, mot slutten av første omgang auka Hovland til 3-1 og 4-1 for heimelaget.
Randaberg utligna til 1-1 etter eit kvarter, men etter Truls Vagle si straffescoring til 2-1 såg ikkje heimelaget seg tilbake.
Roleg andreomgang
Andreomgang vart eit lite antiklimaks med tanke på fleire scoringar, men heimelaget heldt unna og vann kontrollert.
Oscar Gåsland hadde ein roleg dag bakerst i debuten for Rosseland.
Andre kval. runde vert truleg spelt neste veke, kven som blir motstander er førebels ikkje klart.