Annonse
Dryla.no

Full pott i varierande serieopning

LETTA: Imre Aune kom inn i andre omgang og kunne juble saman med Even Aasen etter full pott i seriestarten.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

LETTA: Imre Aune kom inn i andre omgang og kunne juble saman med Even Aasen etter full pott i seriestarten. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland slakka av etter ein super start, men sikra alle poenga i lokalderbyet mot Varhaug.

Publisert:

Sist oppdatert: 16.04.2024 kl 09:16

Rosseland gjekk ut i hundre i den utsette seriestarten mot Varhaug. Heimelaget virka spelesugne etter ei lang oppkøyring og spelte til store sjansar.
Kristen Reime og Sondre Hovland herja med Varhaug-forsvaret og etter halvspelt omgang uttellinga.

Kristen Reime herja på høgrekanten før pause.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Kristen Reime herja på høgrekanten før pause. Foto: Gunnar U. Stangeland

Reime drog seg inn sentralt og sprang i frå Varhaug-forsvarer før han sette inn 1-0. Vetle Hovland slo pasningen frå midtopparposisjon. Sondre Hovland dobla eit par minuttt seinare då han krangla inn nedfallsfrukta etter corner.

Jevnere

Med tomållsleiing sank intensiteten. Varhaug justerte formasjonen og kjempa seg tilbake i kampen. Då laget reduserte på sin første sjanse i kampen vart det kamp igjen.

Raudt kort

Etter pause yppa Varhaug seg. Grønntrøyene kom til nokre gode sjanser, men Oscar Gåsland tok det som kom av avslutningar på mål.
I andre enden av banen var Sondre Hovland eit uromoment. 10 minutt i omgangen kom han åleine mot Varhaug-målet, men vart lagt i bakken av Svein Tore Sindland som fekk sjå det raude kortet.

Mange gule kort

Kvaliteten på fotballen sank etter utvisninga, men temperaturen på banen steig. Det vart delt ut mange gule og kampen vart oppstykka grunna bytter og skader.

Tre poeng

Rosseland hadde gode sjansar til å punktera kampen, Varhaug var farlege på dødball. Trass i sju tilleggsminutt heldt Rosseland unna og fekk den seriestarten dei ønska seg. Tre poeng og framleis nest best på Jæren.

Travelt

No kjem kampane tett for Rosseland. Torsdag er det Rogalandscup mot Ålgård, måndag er det nytt lokalderby mot Bryne 2.

Kampfakta

Annonse