Annonse
Dryla.no

Ga frå seg initiativet og mista grepet i opprykkskampen

Vetle Apneseth trakasserte tidvis Varhaug-backen, men fekk ikkje ballen i mål.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Vetle Apneseth trakasserte tidvis Varhaug-backen, men fekk ikkje ballen i mål. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland sløste med sjansane i kampen mot Varhaug og vart hardt straffa i sluttminutta.

Publisert:

Sist oppdatert: 19.08.2023 kl 14:50

Som i vårmøtet mellom Rosseland og Varhaug, hadde laga ein god omgang kvar då haustsesongen vart sparka i gang fredag. Rosseland styrte kampen frå start og spelte seg til fleire gode sjansar. Trass fire store målsjansar til dei oransje gjekk laga i garderoben med 0-0. Som ofte før var det toppscorarane Sondre Hovland, Peter Time og Vetle Apneseth som kom til dei største sjansane.

I andre omgang hadde heimelaget mykje meir ball og fekk etterkvart meir tid til å etablera angrepsspel. Rosseland vart pressa bakover på banen, og då Sondre Hovland måtte ut med krampe midtvegs i omgangen, vart det enda betre arbeidsforhold i midtforsvaret til heimelaget.

Rasmus Auestad (t.v) og Einar Lye var to av banens gigantar i lokaloppgjeret fredag. Vetle Svalestad Hovland (t.h.) spelte ein god kamp på venstreback til krampa sette inn.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Rasmus Auestad (t.v) og Einar Lye var to av banens gigantar i lokaloppgjeret fredag. Vetle Svalestad Hovland (t.h.) spelte ein god kamp på venstreback til krampa sette inn. Foto: Gunnar U. Stangeland

Varhaug festa eit slags grep på kampen, men kom ikkje til mange sjansar. Vetle Apneseth var svært nær å senda Rosseland i føringa, men i staden var det Eirik Bergli som fekk tid til å heada inn eit innlegg i det klokka nærma seg 90 minutt. Ikkje mot spelets gang, men litt ufortent ut i frå spel og sjansar kampen sett under ett.

Rosseland kasta Peter Time på topp og heiv inn fleire folk i angrep. Innbyttar Øyvind Braaten var svært nær utlikning på overtid, men kampen ebba ut med 1-0 og årets første serietap.

Kai Ove Stokkeland lurer nok på korleis laget hans unngjekk å ta poeng mot dette Varhaug-laget.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Kai Ove Stokkeland lurer nok på korleis laget hans unngjekk å ta poeng mot dette Varhaug-laget. Foto: Gunnar U. Stangeland

Eit litt sjokka Rosseland-lag, som ikkje hadde tapt i serien sidan 29. september i fjor (mot Madla), tusla i garderoben lett grublande på korleis det var mogleg å tapa dette oppgjeret. Dei får nytta høvet til avslutningstrening før eit nytt lokalderby mot Frøyland. Det oppgjeret blir ikkje Truls Vagle med på, han fekk sitt fjerde gule fredag.

Varhaug er på si side med i opprykkskampen for fullt etter to seine og viktige scoringer i sluttminutta mot Sola og Rosseland. Banens beste, Ole Varhaug.

KAMPFAKTA

Varhaug sitt lag mot Rosseland.

Varhaug sitt lag mot Rosseland.

Rosseland sine 11 frå start mot Varhaug.

Rosseland sine 11 frå start mot Varhaug.

Omlag 300 tilskodarar i flott sommarver på Iden.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Omlag 300 tilskodarar i flott sommarver på Iden. Foto: Gunnar U. Stangeland

Annonse