Annonse
Dryla.no

Uheldig heimetap

Rosseland hadde ikkje marginane med seg då Madla slo Rosseland på bortebane for første gong sidan 1993.

Publisert:

Sist oppdatert: 30.09.2022 kl 14:09

Heimelaget spelte alt i alt ein svært god kamp, og var uheldige som ikkje fekk minst eit poeng mot Madla.
Før pause hadde Rosseland god kontroll på kampen, men sette ikkje sjansane. Sondre Hovland, Vetle Hovland og Geir Dahle Høyland var alle nær nettsus, men det ville seg ikkje mot eit innbitt Madla-lag som forvarte seg godt.

Heimelaget fortsette presset i andre omgang, men i staden for leiing, var det gjestene som tok vare på sjansane. Ti minutt etter kvilen dalte eit innlegg perfekt i beina til Preben Erland. Toppscoreren fekk masse tid og rom og svikta ikkje åleine med Sem Bergene.
Vondt vart verre for heimelaget då Phillip Buch fekk kjempetreff nokre minutt seinare. 0-2 og kampen verka på mange måtar avgjort då Rosseland mista rytmen og byrja å stressa.

Så litt ut av ingenting kom reduseringa. Innbyttar Edvard Rasmussen sit skot frå returrommet skifta retning og gjekk i mål med eit kvarter igjen å spela. Game on!

Kampen bølga, Madla la seg bakpå, Rosseland flytte fram ein ekstra angripar. Gode sjanser oppstod begge vegar, Madla kom to mann åleine med keeper utan å klara å setja ballen i mål.
Rosseland fekk fleire scoringar annullerte for offside, ein klar straffesituasjon vart ignorert samstundes som fleire feite sjanser vart misbrukte.

Dermed endte det med heimetap i serien for første gong i år. Rosseland har spelt jevnt i begge kampane mot opprykksfavoritt Madla i år, men står utan poeng etter to knepne 1-2-tap.

Nede for telling: Geir Dahle Høyland og Rosseland måtte gje tapt for eit effektivt Madla-lag med ein god keeper i Sverre Olav Joa.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Nede for telling: Geir Dahle Høyland og Rosseland måtte gje tapt for eit effektivt Madla-lag med ein god keeper i Sverre Olav Joa. Foto: Gunnar U. Stangeland

Med siger og tre poeng inntek Stavanger-laget tabelltopp. Laget har fleire spelte kampar enn Varhaug på andreplass, men vil rykka opp igjen til tredjedivisjon om laget vinn resten av kampane og Varhaug avgjer poeng. Varhaug skal til Rosseland i nest siste serierunde...

Nøkkelord

Annonse