Råsterkt comeback på Lassa
Tidleg baklengsmål stoppa ikkje Rosseland-toget.
Publisert: 24.04.2023 kl 23:13
Sist oppdatert: 24.04.2023 kl 23:46
I fjor gjekk Rosseland til pause med 6-1-leiing etter ein forrykande førsteomgang på Lassa. Nesten alt gjekk i mål før pause i kampen som til slutt enda 3-6.
Dette året var ikkje dei oransje like effektive. Sjølv om laget skapte minst seks kvalifiserte målsjansar, stod det noko ufortjent 1-0 til heimelaget ved sidebyttet. Vidar-keeper Lars Sveingard var ein levande vegg og plasserte seg godt. Sondre Hovland, Kristen Reime, og ikkje minst ein svært god Vetle Apneseth, testa keeperen gong på gong utan å få uttelling.

Startelleveren mot Vidar II. Andreas Time, Svein Arne Monsen og Øyvind Braaten kom inn mot slutten av andre omgang for Truls Vagle, Kristen Reime og Sondre Hovland.
Kaptein-scoring
Gjestene fortsette å mala på i andre omgang. Kampen hadde høgt tempo og to gode ballsikre lag spelte god fotball. Sjansane stod stort sett Rosseland for, men det måtte ein dødball til før Vidar-ballongen sprakk. Kaptein Peter Aarrestad Time tok som ofte før ansvar og skalla inn 1-1 frå kort hald.
Dei oransje pressa på for leiermålet og banens beste, Einar Tunheim Lye, trudde han hadde gitt laget leiinga. Men då vegg-Sveingard måtte gje tapt stod jammen ein Vidar-forsvarar på streken og redda heimelaget.

Paul Ove Laland, Kai Ove Stokkeland og kaptein Peter Aarrestad Time kan gni seg i hendende etter å ha fått ein draumestart på sesongen. Foto: Gunnar U. Stangeland
Revansj
Lye skulle få sin revansj. Ti minutt før slutt gjekk endeleg ballen i mål, for tredje kamp på rad kunne midtbaneeleganten feira med fornøgde lagkameratar.
Vidar hadde to sjanser i andre omgang, men det ville vore litt av eit ran om dei hadde fått med seg poeng frå denne kampen.
Stavanger-veke for RBK
Sigeren måndag var den første av to Stavanger-oppgjer denne veka. Torsdag kjem SIF til Rosseland og kan førebu seg på eit Rosseland-lag i storform.