Annonse
Dryla.no

Propagandafotball og sju strake sigrar

Rosseland er tilbake på tabelltopp etter ei feiande flott førestilling mot Djerv 1919 II.

Publisert:

Sist oppdatert: 16.08.2022 kl 16:03

Gjestene opna best i sommarvarmen og pressa heimelaget høgt dei første ti minutta. Så sette heimelaget fart på pasningsspelet og vart med eitt til å kjenna igjen. Imre Aune, Vetle Apneseth og ikkje minst Herman Rugland sette opp tempoet på ballen og vips var dei oransje i føringa.

4-0 til pause var ikkje eit mål for lite, men det vart både 5-0 og 6-0 like etter kvilen. Leander Egeland (18) vart tremålsscorer.

Kampen finaste scoring stod innbytter Isak Lende Elamari for. Etter å ha vendt vekk Djerv-forsvaret på spektakulært vis, banka han ballen i krysset på halvspretten.
Det var ikkje direkte stygt då Imre Aune la på til 8-0 heller, men litt dumt at ikkje laget heldt nullen. For i det 92. minuttet glapp det for den nykomponerte forsvarsfemmeren. Etter fjorten omganger utan baklengsmål sprakk nullen for Rosseland og Simon Hana, som gjorde comeback etter ryggskade.

Venstresida med Even Aasen, Leander Egeland og Herman Rugland skapte mykje trøbbel for dei unge gjestene frå Haugalandet.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Venstresida med Even Aasen, Leander Egeland og Herman Rugland skapte mykje trøbbel for dei unge gjestene frå Haugalandet. Foto: Gunnar U. Stangeland

8-1 mot eit ganske bra Djerv-lag er uansett meir enn godkjent. Flott angrepsspel, mykje speletid til alle og ein kamp utan skader og kort lovar godt før toppkampen mot Vardeneset fredag.

Leos leikegrind: Leander Seland Egeland (t.h.) scora tre mål mot Djerv 1919 2 mandag. Her er han i djup konsentrasjon før kampen.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Leos leikegrind: Leander Seland Egeland (t.h.) scora tre mål mot Djerv 1919 2 mandag. Her er han i djup konsentrasjon før kampen. Foto: Gunnar U. Stangeland

Ved sidan av tremålsscorer Leander Egeland, utmerka Imre Aune og spesielt Herman Rugland seg mandag. Sistnevnte spelte sin førebels siste kamp for Rosseland, onsdag sett han seg på flyet til Chicago der det venter tøff oppkøyring til college-sesongen. Einar Tunheim Lye er allerede på plass i New York og vert heller ikkje med meir i år.

Nøkkelord

Annonse