Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Einar T. Lye stortrivst i den raude St. John´s drakta. Torsdag ikler han seg den oransje Rosseland-drakta mot Kopervik. Foto: Privat
Einar Tunheim Lye er Rosseland-spelar!
Publisert: 25.05.2022 kl 19:10
Sist oppdatert: 25.05.2022 kl 19:42
Det er sommerferie på universitetet i New York og Einar Tunheim Lye er heime i tre månadar. Undheimskaren med nesten 50 kamper for Bryne sitt A-lag har dei siste sesongane spelt collegefotball for St. John´s University i New York.
Denne veka signerte Einar for Rosseland Ballklubb og ser fram til å halda seg i form i fjerdedivisjon dei neste månadane. - Collegesesongen er kort og intens, det er viktig å halda seg i form og vera forberedt på ein hard sesong. Eg gler med til å bidra for Rosseland og har fått eit godt inntrykk av klubben og trenarane, sier Einar Tunheim Lye.
Lye, som og trente litt med Rosseland i vinter, er klar for spel allereie når dei oransje møter Kopervik borte Kr. Himmelfartsdag.
- Målet er å innta tabelltoppen etter den kampen og så vera der så lenge som mogleg, sier den offensive midtbanespelaren.
Foto: Privat
Einar Tunheim Lye er potensielt aktuell for dei neste ni kampane for Rosseland.
Den 14. august går turen etter planen tilbake til New York kor den høgreiste lysluggen stortrivst. - Eg har det godt i USA, både på og utanfor banen - men no er det Rosseland og sommerjobb som gjeld dei neste tre månadane.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.