Annonse
Dryla.no

Delte poenga etter kvar sin gode omgang

Einar Lye og Vetle Apneseth var gode for Rosseland, spesielt før pause.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Einar Lye og Vetle Apneseth var gode for Rosseland, spesielt før pause. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland gjekk på årets første poengtap mot eit Varhaug-lag som heva seg voldsomt etter eit litt heldig straffespark.

Publisert:

Sist oppdatert: 17.05.2023 kl 20:37

Dei to beste breddelaga på Jæren møttest til utsett serieopning på sjølvaste 16. mai, med eit litt kjipt og vindfullt vårver som bakteppe.
Heimelaget vann målvalget og starta kampen med vinden i ryggen. Rosseland køyrde kampen frå start og hadde to svære målsjansar før det det var spelt fem minutt. Sondre Dvergsdal stod i vegen for Sondre Hovland og Einar Lye, men måtte etterkvart gje tapt då kaptein Time steig til vers på corner etter ti minutt.

Lye-susar

Dei oransje fortsette å køyre kampen, Varhaug hadde meier enn nok med å forsvare seg. Midtvegs i omgangen dobla Einar Lye til 2-0 på eit flott langskot. Lye, som kom heim frå eit kortare USA-opphald på kampdagen, vart fortent kåra til banens beste.

Billeg straffe?

Rett før pause, i ein litt betre Varhaug-periode, såg dommer Sigbjørn Paulsen noko som ikkje mange andre såg. Han meinte Truls Vagle upressa hadde handsa med vilje i eige straffefelt, og dermed fekk Ovar Undheim Høyland ein gratis sjanse frå straffemerket. 2-1 til pause hadde Varhaug mest grunn til å vera nøgde med.

Andreas Time og fleire andre spelarar var tidvis oppgitte over manglande frispark.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Andreas Time og fleire andre spelarar var tidvis oppgitte over manglande frispark. Foto: Gunnar U. Stangeland

Stillingskrig

Andreomgang var ein stillingskrig i starten. Ingen av laga makta å skapa farlege sjansar, det meste av spelet var balltrilling i forsvar eller kriging på midtbana. Heimelaget blei etterkvart springande meir etter ballen og rota den raskt bort då dei fekk kontroll. Kreftene tok slutt, fleire fekk krampe og Varhaug hadde mest å by på mot slutten. F


leire gonger kom dei rundt på høgrekanten, og ved eit høve fekk Narve Bø stå umarkert å heada ballen i tomt mål.

Narve Bø utligna til 2-2 fem minutt før full tid.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Narve Bø utligna til 2-2 fem minutt før full tid. Foto: Gunnar U. Stangeland

Fem poengs avstand

På 2-2 hadde begge lag sjansar til å avgjere og ta alle poenga, innbyttar Vetle Hovland var nærmast då avslutninga vart redda i stolpen. Varhaug fortente minst eit poeng etter ein god andreomgang, 2-2 var eit resultat Rosseland alt i alt kan vera nøgde med. Avstanden på tabellen forblir fem poeng mellom laga, og Sola har fått ei to poengs luke i tet.

Vetle Svalestad Hovland var tilbake etter skadeavbrekk. Innbyttaren var svært nær 3-2 rett før slutt.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Vetle Svalestad Hovland var tilbake etter skadeavbrekk. Innbyttaren var svært nær 3-2 rett før slutt. Foto: Gunnar U. Stangeland

Gledeleg at omlag 400 tilskodarar hadde teke veien til Rosselandsbanen 16. mai. Dei fleste kom etter kampstart grunna brynekamp på andre sida av Hetlandsgata.
Torsdag 24. mai er det nettopp Bryne som kjem på besøk til Rosselandsbanen, kanskje kjem det også dobbelt så mange på kamp?

KAMPFAKTA

Rosseland XI

Rosseland XI

Varhaug XI

Varhaug XI

Annonse