Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Varhaug farleg frampå på corner tidleg i kampen. Foto: Gunnar U. Stangeland
Rosseland og Varhaug hadde kvar sin omgang i seriepremieren, men Rosseland tok best vare på sjansane og vann fortent.
Publisert: 07.04.2025 kl 22:58
Etter eit par skremmeskot frå gjestene frå Hå, tok Rosseland oppskriftsmessig leiinga på eige kunstgras. Albert Braut Tjåland gjorde mykje på eigenhand og sette inn 1-0 frå skrått hold.
Varhaug hadde gode sjanser til å utlikna, med handsken til Steffen Bolme og stolpen stod i vegen. 1-0 ved sidebytte var godt betalt for eit tidvids tafatt Rosseland-lag.
Tomålsskorar Albert Braut Tjåland fekk badstu-gåvekort for første skoring og banens beste-hårklypp. Her bytter han med syskjenbornet Eskil Tjåland. Foto: Gunnar U. Stangeland
Etter pausen vart det meir fasong på dei oransje. Varhaug stod høgare og det oppstod enorme kontringsrom. Kristen Reime missa åleine med keeper, men Geir Høyland fekk setje inn 2-0 før Albert Tjåland skora sitt andre. Narve Bø reduserte, men Sondre Hovland fastsette sluttresultatet til 4-1.
Ei solid serieopning resultatmessig, Rosseland har heldigvis endå meir å gå på spelemessig.
Torsdag er det nytt lokalderby, då venter eit revasjesugent Frøyland-lag på bortebane.
Flott ver og rundt 200 tilskodarar på åpningskampen. Foto: Gunnar U. Stangeland
Foto: Gunnar U. Stangeland
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.