Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Vetle Apneseth med matchballen etter fire scoringer. Åtte mann på scoringslista mot Lura. Foto: Gunnar U. Stangeland
Rosseland vann som venta mot botnlaget Lura og inntok med det tabelltoppen i fjerdedivisjon etter 12 spelte kamper.
Publisert: 04.08.2022 kl 23:35
Sist oppdatert: 16.08.2022 kl 12:45
Det tok litt tid før Rosseland kom i gang mot den desiderte jumboen i divisjonen. Etter ti minutter fann dei oransje vegen til Lura-målet for første gong. Sidan gjekk det slag i slag. Seks mål før pause, sju etter.
Lagbilete er obligatorisk når ein tek over tabelltoppen. Foto: Gunnar U. Stangeland
Heimelaget gjorde som dei ville mot svak motstand, den største utfordringa møtte dei oransje i eigne dårlege val føre mål og svake avslutningar. 13-målssigeren kunne vore mykje større om Rosseland hadde køyrt på med sitt beste lag og brukt mindre tid med ballen. Så er det bare å håpa at Lura greier å gjennomføra sesongen slik at resultatet blir ståande og teljande. Dei grøne var berre ti spelarar då kampen starta, i haust venter fire turer til nordfylket.
Lura hadde berre ti mann klar til kamp då Eirik Stokka bles i gang kampen. Mellom anna ein god keeper i Vegard Ween. Foto: Gunnar U. Stangeland
For Rosseland var kampen nyttig for å få spelarar i gang etter ferie. Vetle Apneseth fekk dryge 80 minutt, scora fire i tillegg til nokre assistar og stolpetreff. Sondre Hovland fekk ein omgang tilbake frå skade. Samstundes fekk Kristen Reime, Einar Lye og Even Aasen kvile før den tøffe bortekampen mot Nord om ei veke.
Foto: Gunnar U. Stangeland
Der blir truleg og Herman Rugland med. 20-åringen debuterte med scoring og assist mot Lura etter overgang frå Sola. I midten av måneden reiser både Rugland og Lye tilbake til USA for studier og collegefotball.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.