Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Foto: Marius Bøe
Rosseland stod ikkje distansen heilt ut og gjekk på haustsesongens første serietap i seriefinalen mot opprykksklare Torvastad.
Publisert: 11.11.2024 kl 15:15
Sist oppdatert: 11.11.2024 kl 15:48
Gjestene var fullt på høgde med heimelaget, men det var dei grøne frå Karmøy som stod for nettkjenning. 1-0 tidleg i kampen heldt seg til pause, og 2-0 tidleg i andre omgang tok mykje av nerva ut av kampen. Heimelaget var allereie opprykksklare og hadde berre ære å spele for, Rosseland spelte for å sikre andreplassen. Eit poeng hadde vore nok til å bli nummer to, men med tap var ein avhengig av at Åkra snubla heime mot Nord. Det gjorde dei ikkje, dermed to Karmøy-lag på toppen av tabellen i fjerdedivisjon avd. 2.
Rosseland på tredje og beste lag frå Jæren er i tråd med ambisjonene, men litt skuffande at laget ikkje stod distansen gjennom heile hausten. Forklaringa ligg delvis i manglande uttelling. Etter at Sondre Hovland vart skada i semifinalen i Rogalandscupen, har ikkje Rosseland vunne ein einaste fotballkamp.
No venter ein fortent pause før ein ny, spanande sesong i sørpulja.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.