Annonse
Dryla.no

Tabelltopp etter spinnvilt overtidsdrama

Tomålscorer Peter Aarrestad Time leiar an i feiringa av sigeren mot EIK 2. Kapteinen kom inn som midtstoppar etter pause, men vart flytta fram som spiss dei siste ti minutta.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Tomålscorer Peter Aarrestad Time leiar an i feiringa av sigeren mot EIK 2. Kapteinen kom inn som midtstoppar etter pause, men vart flytta fram som spiss dei siste ti minutta. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland sløste med sjansane, men kom tilbake to gonger. Så avgjorde kapteinen på overtid...

Publisert:

Sist oppdatert: 02.10.2023 kl 23:56

Den heimvendte sonen, Kai Ove Stokkeland, fekk det alt anna enn enkelt då Rosseland tok turen til Idrettsparken for det årlege haustmøtet i tussmørket på B&G Banen.
Heimelaget mønstra det dei kunne av spelarar frå A-troppen, men hadde store problem mot eit formsterkt Rosseland-lag.

Kai Ove Stokkeland har opplevd Husabø både som speler og gjestande lags trener. Han var klokkeklar før kampen på at det var viktig å halda hovudet klart når kampen på eit eller anna tidspunkt heldt på å koka over. Kok vart det, og Rosseland takla koket best.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Kai Ove Stokkeland har opplevd Husabø både som speler og gjestande lags trener. Han var klokkeklar før kampen på at det var viktig å halda hovudet klart når kampen på eit eller anna tidspunkt heldt på å koka over. Kok vart det, og Rosseland takla koket best. Foto: Gunnar U. Stangeland

KAMPFAKTA

Mandagsform

Gjestene var uforskamma friske til måndag å vere og skapte sjanse på sjanse før pause. Sondre Hovland, Kristen Reime og Einar Lye var stadig frampå, men scoringa uteblei.
Heimelaget var langt meir effektive. På laget første sjanse, eller i det heile tatt første heilhjarta visitt på Rosselands banehalvdel, vart det scoring. Cornertrekket, der ein pakkar boksen og stengjer av for keeper, passa utmerka når innlegget frå danske Mads Madsen landa silkemjukt i kaoset føre mål. 1-0.

Det skulle gå litt tid før Rosseland fekk den fortente utlikninga, Vetle Apneseth ordna balanse på flott vis før laga tok pause.

Jamnare andreomgang

Etter oransje einvegskøyring før pause, var det jamnare innleiingsvis i andre omgang. Heimelaget fekk meir tid med ball og spelte seg til eit par sjansar. Anders Espeland varta opp med ein superredning då forsvaret for ein gong skyld var utspelt, men kunne ikkje hindra at tigerstripene nok ein gong tok leiinga på eit nytt Mads Madsen-pakkboksen-stengavkeeper-cornertrekk.
2-1 var langt frå fortent, men akk så effektivt.

Kapteinen på topp

Då fann den heimvendte egersunderen sin indre egersunder, gjorde eit par geniale bytter og kasta korta då han sendte midtstoppar Peter Aarrestad i angrep. Høga ballar vart pumpa inn og Time regjerte på alle måtar luftrommet på Husabø.
To minutt før slutt leverte Jarle Madland eit framifrå innlegg frå høgrekanten, kaptein-Time stanga ballen i mål til enorm jubel.
Kampen var blitt ganske intens. Dei gule korta sat laust og taklingane vart stadig seinare. Heimelaget skal ikkje ha for mange stjerner i boka for oppførsel og taktikk, det toppa deg då assistenttrenaren tok rennefart inn på banen og nekta og gå av. Publikum var med på å fyra opp spelarane på begge lag, men det lysaste hovudet på banen heldt heldigvis roen. To minutt på overtid steig nok ein gong Peter Aarrestad Time til vers og heada inn 3-2. Nok ein gong assistert av Jarle Madland, som leverte eit langt innkast Robert Undheim og Rory Delap kunne vore stolte over.
Madland og Time har vore ute eit par kamper grunna jobb og reise, men du verden for eit comeback!

Stemninga var god i garderoben etter nytt comeback og tre nye poeng.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Stemninga var god i garderoben etter nytt comeback og tre nye poeng. Foto: Gunnar U. Stangeland

Tabelltopp

Tre poeng i ein skikkelig krigekamp, med god gamaldags lokalfotballstemning, smakte godt, tabelltopp var ein fin bonus denne første mandagen i oktober.

Fredag tek serieleiaren imot Klepp til årets siste lokalderby - det kan og verta fartsfyllt!

Spente rossalendingar på benken i sluttminutta. Dommeren la til seks minutt, men kunne sikkert lagt til det dobbelte denne måndagskvelden.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Spente rossalendingar på benken i sluttminutta. Dommeren la til seks minutt, men kunne sikkert lagt til det dobbelte denne måndagskvelden. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Annonse