Annonse
Dryla.no

Perfekt punktum for supersesong

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland slo Varhaug for tredje gong då 2022-sesongen vart avslutta på Rosselandsbanen.

Publisert:

Sist oppdatert: 30.10.2022 kl 00:40

Gjestene frå Hå hadde framleis sjansen til å vinna divisjonen og KM, men måtte ta poeng mot Rosseland samstundes som Madla måtte avgje poeng.
Grøntrøyene var voldsomt tende og sette heimelaget under stort press det første kvarteret i striregnet. Rosseland slo mykje langt og sleit med å etablera angrepsspel.

Kontra Varhaug i senk

Det var difor litt mot spelets gang då Sondre Hovland sendte heimlaget i føringa. Etter eit nytt nedtak, på høgde med det beste i utlandet, fekk spissen tid og rom til å setje 1-0.
Hovland var og svært sentral då laget dobla leiinga. Ved å vinna ein viktig duell midt på banen, kunne dei oransje kontra to mot ein. Målscoraren sette fart og sette opp Kristen Reime, som enkelt trilla inn 2-0.

Årets siste startellever.

Årets siste startellever.

Same oppskrift ga 3-0. Ny kontring, igjen var Reime og Hovland sentrale, høgreback Jarle Madland tok det lange løpet ytterst og avslutta kontringa åleine med Ruben Dvergsdal. 3-0 til pause var kanskje ikkje heilt fortent ut i frå sjansar og spel, men heimelaget var effektive med vinden og regnet i ryggen.

Trong hjelp - fekk hjelp

Meldingar frå Stavanger om at Madla sleit mot Tasta gjorde at Varhaug på ingen måte gav opp. Grøntrøyene fekk og blod på tann då Vetle Hovland heada ballen i eige mål fire minutt etter sidebyttet. Sondre Hovland måtte ut med strekkskade og Rosseland gjorde det endå meir vanskeleg for seg sjølv då dei ga Varhaug nok ein sjanse til å redusera frå indirekte frispark på femmeteren. Med 3-2 og ein time igjen på klokka sende Varhaug meir og meir folk framover, Rosseland fekk store rom på kontringar.
Gjestene hadde nok dei fleste og største sjansane, men fekk aldri utligninga.
Dermed kunne Rosseland feira tre sigrar mot Varhaug på ein sesong og ein førebels andreplass på tabellen. Madla snudde kampen mot Tasta og er vinnar av divisjonen med ein kamp att å spele.

Høgreback og målscorar Jarle Madland var strålande nøgd etter sesongens tredje siger over Varhaug.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Høgreback og målscorar Jarle Madland var strålande nøgd etter sesongens tredje siger over Varhaug. Foto: Gunnar U. Stangeland

2,25 poeng pr kamp

Rosseland avslutta med fire strake sigrar etter tapet mot Madla og blir dårlegast nummer tre på tabellen med 54 poeng på 24 kampar. Eit poengsnitt på 2,25 pr kamp i 4. divisjon har ikkje Rosseland vore i nærleiken av sidan opprykkssesongen 2010 då laget tok 44 poeng på 20 kampar.

Sjølv om laget er langt unna å ha toppscoraren i divisjonen har laget scora uvanleg mange mål i 2022. 68 seriemål for 27 innslupne gjer ein målforskjell på +41 (då er 13-0 sigeren over Lura som seinare trakk seg teken vekk)! 27 baklengsmål er førebels nest færrast i divisjonen.

Synging og feiring i garderoben høyrer med etter eit flott punktum på ein god sesong.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Synging og feiring i garderoben høyrer med etter eit flott punktum på ein god sesong. Foto: Gunnar U. Stangeland

Sikra nye lokaloppgjer neste år

Medan dei andre laga har ein serierunde att, tek no Rosseland ein velfortent ferie. Sigeren over Varhaug sikra nye dueller mot laget Rosseland har fått eit uvanleg godt tak på neste år. Rosseland kan og sjå fram til nye lokaloppgjer mot Klepp, Frøyland og nyopprykka Brusand i staden for tunge bussturer til Telemark eller Nord-Hordaland som fort er ein del av pakka Madla får ved eit opprykk.

Annonse