Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Einar Lye sette spikeren i Hana-kista rett før full tid. Foto: Gunnar U. Stangeland
Rosseland var nesten pottetette bakover, men sleit med å omsetje sjansane i toppkampen på Hana-fjedlet.
Publisert: 16.05.2025 kl 10:47
Sist oppdatert: 16.05.2025 kl 10:48
Hana stod, som Rosseland, utan tap på dei fem første seriekampane. Bortekampen på Hana-fjedlet var på papiret den tøffaste så langt i sesongen.
Flotte rammer og nydeleg maiver då lag 1 og 2 på tabellen møttest dagen før dagen før dagen. Foto: Gunnar U. Stangeland
Toppopgjeret vart alt anna enn jamnt spelemessig, men resultatmessig levde oppgjeret til rett før full tid. Rosseland stanga og stanga, Hana-keeperen redda og redda. Så, mot spelets gang tok heimelaget leiinga på lagets første og einaste målsjanse. 1-0 signert Eirik Larsson.
Gjestene fortsette å bombardere Hana-målet, men Morten Helmen var i storslag fram til også han måtte gje tapt. Eit skot frå Truls Vagle skapte velfortent balanse på resultattavla til pause, men Rosseland burde strengt tatt ha avgjort kampen.
Kanonaden fortsette etter sidebyttet. Albert Tjåland, Gabriel Time og Einar Lye hadde alle gode sjanser. Til slutt var det Jarle Madland som fekk nettsus etter ei heading på dødball. 1-2 og superfortent leiing.
Hana skal ha for at dei aldri ga opp, og for godt keeperspel. Sjølv når keeper var utspelt og målet var opent svikta Rosseland i å punktera kampen. RBK-tilskodarane, som var i fleirtall på tribunen mot slutten, måtte venta heilt til det 90. minuttet før spikeren i kista vart sett inn. Innbyttar Gabriel Time sette opp Einar Tunheim Lye, som åleine med keeper kunne punktere kampen. 1-3, ikkje eit mål for lite,men game over.
Kai Ove Stokkeland var godt nøgd med innsatsen og taktiske grep på Hana-fjedlet. Foto: Gunnar U. Stangeland
Rosseland står med seks strake og har fått ein perfekt start på seriesesongen.
Sjølv om effektiviteten var så som så, skal heile laget ha ros for ein god bortekamp. Kaptein Peter Time var tilbake i midtforsvaret og eigde luftrommet saman med Jarle Madland. På midtbana la Geir Høyland og Einar Lye ned mange meter, medan Truls Vagle var limet og servitøren. Albert Tjåland kom til drøssevis med sjansar, men akkurat denne kvelden ville ikkje ballen i mål.
Det kjem snart nye sjansar for nettsus: Heimekamp mot SIF 20. mai og bortekamp i Rogalandscupen mot Bogafjell 27. mai er neste oppgåver for dei oransje.
Foto: Gunnar U. Stangeland
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.