Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
God stemning på benken då Leander Egeland sette inn 2-1 på overtid. Foto: Gunnar U. Stangeland
Strafferedning og to knallperler i sluttminutta avgjorde tiårets tettaste nabooppgjer.
Publisert: 09.05.2025 kl 22:00
Sist oppdatert: 10.05.2025 kl 11:55
Etter ein tung start på kampen fekk Rosseland opp dampen utover i første omgang heime mot eit godt, ungt Bryne-lag. Heimelaget spelte seg til fleire gode sjansar, men var ikkje like effektive som mot Riska. Kristen Reime missa åleine med keeper og Albert Tjåland hadde og eit par feite sjanser til å sende heimelaget i føringa. Vetle Apneseth var lagt i bakken, men fekk ikkje straffespark.
Andreomgang vart tettare. Bryne II hang med og forsvarte seg godt. Gode dødballføter skapte uro i forsvaret til dei oransje, men Vetle Hovland, Truls Vagle og Jarle Madland stanga unna det meste. Så, midtvegs i omgangen, vart det raud jubel. Bryne II kom rundt på venstrekanten og spelte ut eit ryggande RBK-forsvar. Håkon Steen fekk heade i tomt mål - 1-0 til gjestene.
Etter skoringa brukte dei unge brynespelarane tida godt, keeper tok telling eit par gonger og krampa tok etterkvart banens beste, Martin Åmot Lye. Kreftene tok slutt, men då laget fekk eit billig straffespark 12 minutt før full tid vart det tent eit nytt håp. Steffen Bolme knuste håpet då han redda straffe, heimelaget fant nye krefter. Gode bytter og taktiske grep gjorde at Rosseland kom høgare i banen. Albert Tjåland trudde han hadde utlikna, men dommeren annullerte noko merkeleg for offside.
Presset resulterte likevel til slutt i velfortent scoring, eit kremmerhus signert Vetle Apneseth.
Heimelaget ville ha meir og fekk nok ein gong betalt for det høge presset. Leander Seland Egelands knallperle på overtid var både flott og viktig, og ga full jubel på Rosselandsbenken, hjå speaker og mesteparten av dei rundt 300 frammøtte tilskodarane.
Tilleggstida på sju minutt vart ein sjarmøretappe då kreftene hadde teke slutt hjå dei unge håpefulle.
Dermed 2-1 og den femte strake sigeren for Rosseland, som no troner åleine på toppen av tabellen før toppkampen mot Hana.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.