Annonse
Dryla.no

Sløste med sjansane, men Rosseland vann kontrollert

Øyvind Braaten, debutant Eskil Tjåland og Karl Nesse Wiig sette fart i eit Rosseland på veg inn i kontroll- og kvilemodus.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Øyvind Braaten, debutant Eskil Tjåland og Karl Nesse Wiig sette fart i eit Rosseland på veg inn i kontroll- og kvilemodus. Foto: Gunnar U. Stangeland

Gjestene frå Avaldsnes tok vare på sin målsjanse, men var heldige som berre tapte med to.

Publisert:

Sist oppdatert: 16.09.2024 kl 19:00

Heimelaget var store favorittar mot Andreas Ulland Andersen sitt lag. Sondre Hovland, Vetle Hovland og Kristen Reime hadde gode sjansar til å score, men skota gjekk over mål eller så varta keeper opp med gode redningar.

Kristian Hodne Tveit (16) var trygg og god med beina i sin første seriekamp frå start.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Kristian Hodne Tveit (16) var trygg og god med beina i sin første seriekamp frå start. Foto: Gunnar U. Stangeland

Mot spelets gang var det gjestene som endra resultattavla først.
Gleda var stor hjå laget som kjempar på nedre halvdel på tabellen, men kortvarig. To minutt etter opningsmålet var Vetle Hovland frampå pg heada inn frå kort hold. Svært fortent!

Rett før pause sette Einar Utvik ut bakenden og krysstakla Sondre Hovland. AIL-stopparen kunne fått sitt andre gule på få minutt, Rosseland måtte nøye seg med frispark. Frå rundt 18 meter skaut Einar rundt muren, 2-1 til pause!

I andre omgang var det klasseforskjell på laga. Heimelaget var meir nøyaktige og spelte tidvis god fotball. Men mange scoringar vart det ikkje. Einar Lye, Øyvind Braaten og Sondre Hovland hadde gigantiske sjansar til å pynta på resultatet, men det blei med den eine scoringa til Kristen Reime fem minutt ut i omgangen.

Øyvind Braaten og Eskil Tjåland gjorde gode innhopp på kantane, Karl Nesse Wiig var stødig på venstrebacken.

Kaptein Peter Time vart kåra til Rosselands beste av ein lokal jury.

KAMPFAKTA

Einar Lye fekk, etter mykje om og men, sitt fjerde gule kort og må stå over neste kamp mot SIF torsdag.

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse