Annonse
Dryla.no

Rosseland «ville» ikkje på tabelltopp

RBK ga frå seg leiinga tre gonger mot Nord, og greide ikkje å avgjere mot ti mann.

Publisert:

Sist oppdatert: 20.10.2024 kl 19:57

Med siger heime mot Nord ville Rosseland overta tabelltoppen med to kamper att, Torvastad har fire. Slik gjekk det ikkje mot eit friskt Nord-lag.

Gjestene frå nordfylket gjekk rett i strupen på dei oransje og pressa høgt det første kvarteret.
Det var faktisk litt mot spelets gang då heimelaget likevel tok leiinga.
Ein oppsiktsvekkande frisk Geir Høyland fekk kjempetreff med høgreslegga og banka inn 1-0 i paracetrus.
Rosseland styrde mykje av kampen etter dette, men Nord fekk straffe ti minutt før sidebyttet.
1-1 vart til 2-1 før pause. Banens to beste kombinerte. Øyvind Braaten slo ein stikkar til Kristen Reime som sprang frå alt og alle.

Nord utlikna nok ein gong etter slurv i bakre rekker, men Anders Hognestad ga heimelaget nytt håp då han styrde inn 3-2.
Rosseland hadde store sjanser til å setje både 4 og 5-2, men i staden var det dei gulkledde som var mest effektive. 3-3!
Nord vart reduserte til ti mann då tomålsscorar Nord Haugland fekk sitt andre gule, men laget var kyniske og gode og heldt unna trass i kanonade dei siste ti minutta.

Nord var gode, effektive og litt heldige. Rosseland var tidvis slurvete bakover, ineffektive framover, men gjorde alt i alt ein god kamp. Gjestene ville kanskje litt meir enn Rosseland og fekk betalt i form av eit sterkt bortepoeng.
(Motsett oppgjer i vår endte 2-2, då med raude kort til Rosseland)

Eit poeng er ikkje nok for Rosseland i opprykkskampen, men dei oransje kan sikra andreplassen og ein formidabel sesong om dei slår Frøyland i siste heimekamp.

KAMPFAKTA

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse