ANNONSE
Annonse
Dryla.no

Råsterk bortesiger på Karmøy

God stemning i garderoben etter 0-1 borte mot Kopervik. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland heldt nullen og tok alle poenga på Åsenbøen torsdag.

Dryla.no
Dryla

Publisert:

Sist oppdatert: 27.05.2022 kl 10:38

Dei oransje er framleis ubeseira i serien etter råsterke 0-1 borte mot Kopervik.

Kapteinscoring

Gjestene var klart best før pause og burde scora meir enn det eine målet kaptein Peter Aarrestad Time heada inn etter Truls Vagles corner fem minutt før pause.
Vetle Apneseth kom til 2-3 store sjansar, men greide ikkje å overlista KIL-keeperen.
Heimelaget var ikkje ufarlege på kontringar. Rosselands gode keeper, Sem Aleksander Bergene, tok det som kom av avslutningar og innlegg.

Kontringar

Andre omgang var jevnare, gjestene sleit med presisjonen i angrepsspelet, heimelaget kasta stadig fleire mann fram i angrep.

Det opna seg kontringssjansar til å avgjer, men det stokka på siste pasning.

Kok på slutten

Dei siste ti minutta kokte det godt på banen. Kopervik tapar sjeldan på heimebane og var frustrerte. Dommaren mista litt oversikten og la til seks minutt. Rosseland heldt unna for presset og sikra nullen bakover for første gong sidan førre tur til Haugalandet i april, 0-1 mot Djerv 1919 2.

Det er gildt med knepne bortesigrar etter timar i buss, det kan Skjold, Nord og Vard 2 notera seg.

Neste veke er det lokalderby mot Frøyland heime på Rosseland. Dette går diverre utan Sondre Hovland som fekk sitt fjerde gule kort heilt på slutten.

Kopervik hadde ikkje tapt på heimebane sidan november 2019 før kampen mot dei oransje frå Bryne aust. Foto: Gunnar U. Stangeland

Jarle Madland hadde god kontroll på høgrebacken og seinare i midtforsvaret mot Kopervik. Foto: Gunnar U. Stangeland

Einar T. Lye kom inn til sin Rosseland-debut midtvegs i andre omgang. Foto: Gunnar U. Stangeland

Kaptein Peter Aarrestad Time før Sem Aleksander Bergene på veg ut på kunstgrasbanen på Åsebøen. Begge hadde matchvinnande involveringar for Kopervik. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland sine elleve frå start mot Kopervik. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

ANNONSE
Annonse