Annonse
Dryla.no

Pynta på målforskjellen

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland var nådelause mot eit fortapt Hundvåg-lag, og køyrde på med angrep på angrep i 90 minutt.

Publisert:

Sist oppdatert: 14.10.2023 kl 10:47

Rosseland var store favorittar mot eit Hundvåg-lag med tre poeng og 124 innslupne mål på 21 kamper. Heimelaget stod i mot i eit lite kvarter før slusene opna seg.
Even Aasen, i ein offensiv venstrekantrolle skora to, medan Sondre og Vetle Hovland var involverte i det meste av angrep. Tvillingana skora kvart sitt før pause, Imre Aune la på til 0-5 rett før kvilen, men leiinga burde vore større halvspelt ut i frå spel og sjansar.

Even Aasen fekk prøve seg som venstrekant og kvitterte med to scoringar og målgivande i første omgang.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Even Aasen fekk prøve seg som venstrekant og kvitterte med to scoringar og målgivande i første omgang. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rett etter pause skrudde Rosseland opp eit par hakk og fossa over motstanderen. Ein sterk kandidat til årets mål kom etter fire minutt. Hovland-brørne kombinerte fint. Sondre la inn til Vetle, som på heil volley og liggande i lufta knalla inn 0-6 bak Hundvågs veterankeeper.
Truls Vagle skora 0-7 på straffe og sette inn 0-8 like etter at laget hadde gjort seks bytte.
To av innbyttarane, Ola Selliken og Peter Aarrestad Time makta å skora, men det stod ikkje på sjansane for Vetle Apneseth, Svein Arne Monsen, Kristen Reime og Jarl Henning Nilsen til å skora endå fleire.
Sondre Hovland vart tomålsskorar då han sette inn lagets tiande skoring, også han kunne ha dobla antall skoringar med betre uttelling.

Ti minutt ut i andre omgang bytta Kai Ove Stokkeland halve laget. Kristen Reime, Vetle Apneseth, Jarl Henning Nilsen, Peter Time, Svein Arne Monsen og Ola Selliken kom inn.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Ti minutt ut i andre omgang bytta Kai Ove Stokkeland halve laget. Kristen Reime, Vetle Apneseth, Jarl Henning Nilsen, Peter Time, Svein Arne Monsen og Ola Selliken kom inn. Foto: Gunnar U. Stangeland

Oscar Gåsland hadde lite å gjer i sin første kamp på ein måned, men måtte sjå ein ball i nettet då eit Hundvåg-frispark skifta retning i muren til 1-9.

KAMPFAKTA

1-11 og timålssiger er ny rekord på bortebane i seriesamanheng. Rosseland sin tidlegare rekord var 1-9 mot Varhaug i 1998 og 1-9 mot Håbrand i 1980.

Timålssigeren pynta og kraftig på målforskjellen. Rosseland har no fire mål betre målforskjell enn Varhaug, men 30 mål dårlegare enn Sola i toppstriden.

Ni på rad! Fredagens siger var den niande strake for Rosseland.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Ni på rad! Fredagens siger var den niande strake for Rosseland. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Annonse