Annonse
Dryla.no

Pynta på målforskjellen

Leander Seland Egeland vikarierte på høgrebacken sist. Mot Vidar II sette Kai Ove Stokkeland han tilbake på kanten og vart beløna med tre nye scoringar for andre heimekamp på rad.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Leander Seland Egeland vikarierte på høgrebacken sist. Mot Vidar II sette Kai Ove Stokkeland han tilbake på kanten og vart beløna med tre nye scoringar for andre heimekamp på rad. Foto: Gunnar U. Stangeland

Eit tidleg raudt kort til Vidar II prega sluttresultatet. Leander Egeland ned nytt hattrick!

Publisert:

Sist oppdatert: 29.03.2023 kl 15:12

Det unge stavangerlaget yppa seg i starten mot Rosseland måndag. Dei heilt store sjansane var fråverande, men Vidar II sette tidvis Rosseland under press.

Rosseland - Vidar II 7-1
Alle måla fra oppgjeret.

Då ein vidarspelar fekk marsjordre for stygg munnbruk skifta kampen litt karakter.
Heimelaget fekk rom og tid. Vala med og utan ball vart betre og plutseleg vart sjansane omsette i skoringar.
4-0 til pause etter eit stormløp det siste kvarteret var ikkje eit mål for lite.

Peter Time, Ola Selliken og Vetle Apneseth var tilbake i startelleveren. Vetle Hovland fekk sitt sjette gule og må stå over mot Vard II sundag.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Peter Time, Ola Selliken og Vetle Apneseth var tilbake i startelleveren. Vetle Hovland fekk sitt sjette gule og må stå over mot Vard II sundag. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland fortsette kjøret etter pause, men skapte ikkje like mykje som i første omgang. Eit par praktmål var behaldninga før gjestene reduserte.
Superveteran Svein Arne Monsen sette opp 6-0 og fekk æra av å scora 7-1 sjølv. Monsens 193. A-lagsmål gjer at Rosseland kun er eit par mål bak serieleiar Varhaug på tabellen.

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Annonse