Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Einar Tunheim Lye var igjen blant Rosselands beste spelarar. Her header han inn 4-0 på corner. Foto: Gunnar U. Stangeland
Rosseland tok i mot Staal Jørpelands sitt A-lag for første gong sidan 2001-sesongen.
Publisert: 16.02.2024 kl 21:40
Sist oppdatert: 16.02.2024 kl 22:08
Det var divisjonsforskjell i første omgang av årets første treningskamp på Rosselandsbanen. Fjerdedivisjonslaget Rosseland valsa rundt med tredjedivisjonslaget Staal Jørpeland. Dei oransje varta opp med fleire praktangrep og ga seg ikkje før det stod 5-0 på lystavla.
Andre omgang vart meir jamn. Begge lag gjorde ein del bytte og gjestene kom etterkvart til nokre gode sjansar. Fleire scoringar vart det likevel ikkje, og kampen enda med femmålssiger til heimelaget. Einar Lye, Vetle Hovland og Anders Espeland var strålande for heimelaget.
Måndag er det ny test mot Bryne II, torsdag speler Rosseland sin første teljande kamp for sesongen når dei møter Undheim i Rogalandscupen.
Geir Dahle Høyland sette inn 3-0 for heimelaget. Foto: Gunnar U. Stangeland
Kristen Reime krona ein flott førsteomgang med scoring då han lobba inn 5-0 rett før pause. Foto: Gunnar U. Stangeland
Rosseland starta slik mot Staal Jørpeland. Foto: GUS
Rosseland stilte med 18-mannstropp mot Staal. Det er ny kamp mot Bryne II måndag, torsdag er det bortekamp mot Undheim i Rogalandscupen. Foto: Gunnar U. Stangeland
Andre Håland kom inn til sin RBK-debut då han erstatta Truls Vagle i andre omgang. Foto: Gunnar U. Stangeland
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.