Klargjør siden...
Annonse
Dryla.no

Monsen i 200 då Rosseland feia over SIF

I den 409. A-kampen skora Svein-Arne Monsen sitt 200. A-lagsmål. Det er berre Sigval Bryne som har fleire mål for Rosseland.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

I den 409. A-kampen skora Svein-Arne Monsen sitt 200. A-lagsmål. Det er berre Sigval Bryne som har fleire mål for Rosseland. Foto: Gunnar U. Stangeland

Topplaget mot tabelljumboen vart aldri spanande, sjølv om SIF stod i mot i nesten ein omgang.

Publisert:

Sist oppdatert: 20.05.2025 kl 23:01

Det var først og fremst sjansesløseri som gjorde at den sjuande serierunden ikkje var avgjort etter ein halvtime. Albert Tjåland hadde tre store sjanser åleine, Einar Lye fekk ei skoring annullert for offside, Eskil Tjåland og Vetle Apneseth var og svært nær.

Fem minutt før pause løsna det endeleg. Geir Høyland drog seg fri og plasserte ballen til side for keeper, Albert Tjåland var på rett stad til rett tid like etter. 2-0 til pause, eigentleg 3-4 mål for lite.

SIF hadde lite å by på framover, Rosseland og Albert Tjåland hadde mykje. Plutseleg stemte alt for Rosselands formspiss. På ni minutt fiksa han eit nytt hattrick og avgjorde i realiteten kampen.

Både Leader Egeland og Einar Lye måtte av med leie skader, men dei som kom inn sette sitt preg på kampen.
Innbyttar Kristen Reime fann Svein-Arne Monsen føre mål og den gamle ringreven sklei inn Rosseland sitt sjette mål i kampen og samstundes sitt 200. A-lagsmål for Rosseland!

To andre innbyttarar stod bak Rosselands siste skoring. Herman Rugland, som gjorde eit svært godt comeback i oransje, fann Truls Vagle som kunne breiside inn 7-0.

Sjumålssigeren var den sjuande strake i serien. No venter to kjærkomne ferieveker i serien, så får ein telja opp kor mange som er tilgjengelige mot Bogafjell i Rogalandscupen tysdag.

Kampfakta

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse