Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Rosseland scora tre og vann borte mot Riska i den siste kampen før NM kval. mot Randaberg.
Publisert: 10.03.2023 kl 17:52
Sist oppdatert: 10.03.2023 kl 17:59
Den siste treningskampen før NM kval. og seriestart vart flytta frå Rosseland til Hommersåk pga snøfall, og kom i gang litt seinare enn oppsett. Rosseland var gode og effektive før pause. Even Aasen pirka inn 0-1 etter eit strålande angrep og Einar Lye dobla leiinga like etter.
Vetle Myhre kom inn for heimelaget og brukte ikkje mange minutta på å redusera til 1-2. Teo Vagle kom og inn og prega kampen med si 1-3-scoring.
Jan Rune Hoff spelte sine første minutt sidan april 2022.
Det viktigaste comebacket stod imidlertid Jan Rune Hoff for. Superveteranen har vore ute med skader og operasjon i 10 lange månader. Torsdag var det endeleg tid for comeback for høgrebacken. Hoff gjorde som vanleg ein god figur i sin 340. A-lags kamp for Rosseland.
Riska reduserte til 2-3 rett før slutt.
No venter ei god treningsveke før Randaberg kjem på vitjing til NM-dyst på Rosselandsbanen laurdag 18. mars kl. 14:00.
Kampfakta
Rosselandsbanen var ikkje i stand til vaksenfotball, kampen vart flytta til Riskabanen.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.