Klargjør siden...
Dryla.no

Vann alle kampane i vårsesongen!

Med 4-1 heime mot Ganddal tek Rosseland feire på toppen av tabellen. 11 av 11 sigrar er klubbrekord.

Publisert:

Sist oppdatert: 27.06.2025 kl 09:57

Rosseland hadde ikkje møtt Ganddal i serien sidan 2010, men var store favorittar i den siste kampen før ferien. Dei oransje tok kommandoen, hadde mykje ball, men var litt upresise i angrepsspelet.
Etter ti minutt var presisjonen på topp då Herman Rugland fann ein umarkert Albert Tjåland føre mål. 1-0.
Same mann var frampå ein halvtime ut i kampen. Keeper greide ikkje å halda skotet frå Gabriel Time, Albert Tjåland var på plass og løfta 2-0 over den ellers så gode sisteskansen.

Sondre Hovland kom inn og var sterkt involvert då innbyttar Andreas Time sette opp Geir Dahle Høyland 72 minutt ut i kampen. På lekkert vis sette 33-åringen frå Børahodl inn sitt 45 A-lagsmål for Rosseland.
Ganddal yppa seg litt og hadde ein god periode. Fredrik Torsteinsbø kom inn som ekstra angrepsspelar og gjestene spelte seg til nokre dødballar. Ti minutt fekk dei og eit billeg straffespark som Anders Imsland ekspederte i mål. Spanande vart det likevel ikkje då innbyttar Kristen Reime punkterte kampen tre minutt før full tid etter lekker assist frå Hovland.

4-1 kunne vore 4-2 og 4-3, men stolpane stod i vegen i overtida for Ganddal på corner.

REKORD!

Elleve strake sigrar i serien er forbetring av rekorden frå 1980 då Orstad stoppa sigersrekkja på 10 kampar. Rosseland møter Varhaug på Iden i den tolvte seriekampen, målet må vere å auka til 12 strake i august.

Kampfakta

Les meir på jbl.no

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.