Annonse
Dryla.no

Strålande førsteomgang, årsverste etter pause

Rosseland står med seks strake sigrar etter ferien, men det var berre så vidt båten bar i andre omgang mot SIF.

Publisert:

Sist oppdatert: 19.09.2024 kl 22:13

Rosseland og Sondre Hovland åpna forsiktig, men var skikkeleg på hogget etter ti minutt. Hovland skåra to på to minutt etter flotte angrep, og var med på å setja opp Rosselands tredje skoring like etter. Øyvind Kverneland Braaten kunne enkelt spasera inn 0-3 før halve omgangen var spelt, Rosseland køyrde regelrett over eit heimelag som ikkje traff noko særleg på presshøyde.
Truls Vagle kontra inn 0-4, med Sondre Hovland som tilretteleggjar.
Leiinga kunne vore større til pause, men humøret var på topp i garderoben ved sidebyttet. Det vart trukke paralellar til usannsynlege comeback. Arsenal-Newcastle og Stabæk-EIK vart trukke fram.

I andre omgang var det ikkje noko som skulle tyda på kollaps før SIF fekk det første målet. Minuttet etter Rosseland gjorde eit trippelbytte og stokka om på posisjonane smalt det både ein og to gonger.

Rosseland framstod med eit litt tafatte framover og usikre bakover. SIF hadde sjansen til å knappa innpå, men lyktes ikkje heilt før på overtid. 3-4-scoringa var det siste som skjedde i kampen. Rosseland tok tre poeng og vann sin sjette strake, men var litt skuffa over eigne prestasjoner.

No ventar ei friveke før heimekamp mot Vard II og bortekamp mot Kåsen.

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse