Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Foto: Gunnar U. Stangeland
Rosseland snudde 0-2 til 3-2 dei siste minutta før pause.
Publisert: 04.10.2021 kl 13:00
Sist oppdatert: 23.03.2022 kl 11:43
Rosseland fekk ein vond start i motvinden mot Klepp fredag. Ei feilpasning i ryggen på ein kleppspelar ga open veg for Georg Strømstad som sende traktorgutane i leiinga etter berre åtte minutt. Før og etter dette hadde heimelaget enorme sjansar, men ein god Thomas Kyllingstad og uheldige avslutninger hindra heimescoring.
I staden var det Klepp som noko uventa gjekk opp i 0-2 ved Erling Tjemsland då heimelaget ikkje fekk klarert skikkelig i motvinden.
Så var det berre heimelaget. 1-2 frå Andreas Time sneik seg forbi ein uheldig kleppkeeper, 2-2 vart sett inn av kaptein Svein Arne Monsen. Rett før pause var snuoperasjonen fullkomen då Preben Hellvik og Sondre Hovland utnytta slett forsvarsspel. Frå 0-2 til 3-2 på fire minutt!
Andre omgang var av det rolegare slaget. Rosseland pøste på med målsjansar men greide ikkje å avgjera kampen før Preben Hellvik krangla inn 4-2 midtvegs i omgangen. Det kunne og burde vore meir, sigeren var av det svært fortente slaget. Alltid gildt å slå Klepp, stemninga var «heilt grei» i garderoben etter sigeren.
Truls Sælevik Vagle vart kåra til dagens rosselandspelar, men heile laget frå Klovning Hansen bakerst til Sondre Hovland på topp jobba og sleit godt i 90 minutt, berre tri dagar etter kraftprøva på Sandnes stadion.
No som RBK er i superform og bedre trent enn på fleire sesonger blir det ein liten spelepause til 11. oktober då Sola II er motstander.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.