Klargjør siden...
Annonse
Dryla.no

Kom til kort mot topplaget - tek ferie på fjerdeplass

Eit svekka Rosseland-lag fekk det tøft mot serieleiaren og tapte for første gong på heimebane i serien sidan september 2022.

Publisert:

Sist oppdatert: 24.06.2024 kl 14:13

Heimelaget var påskrudde og køyrde kampen innleiingsvis mot Torvastad. Store sjansar dei to første minutta og uttelling på den fjerde sjansen etter fem minutt ga fortent leiing.
Torvastad hadde problem med å henga med det første kvarteret, men då målskorar Einar T. Lye gjekk ned med skade snudde kampbiletet.

Strekkskade på Lye, frisparkskoring på Torvastads første skot på mål og 1-2 på lagets andre skot på mål, var tungt å svelgja for eit hardarbeidande Rosseland-lag. Gjestene trudde dei hadde skora 1-3 på eit frekt langskot, men den ballen vart aldri dømt inn.

Kreftene tok etterkvart slutt, men Rosseland gjekk i krigen igjen etter pause. Ein ny stor dobbelsjanse ga ikkje teljande resultat tidleg i omgangen. I staden viste serieleiaren kvifor dei ennå ikkje har avgitt poeng.
To nye dødballmål i andre omgang ga 2-4 til slutt.
Vetle Hovlands redusering til 2-3 etter 70 minutt gav håp om poeng, men på 2-4 ti minutt før slutt var spenninga over.

KAMPFAKTA

Sist Rosseland tapte ein heimekamp i serien var mot Madla i september 2022.

No venter ein fortent ferie etter 21 poeng og fjerdeplass etter elleve seriekampar.

Nokre spelarar blir truleg ikkje med i august når serien startar opp att grunna skule og flytting.
Herman Rugland og Ola Mæland er blant desse. Duoen, som saman med Jarle Madland og Vetle Hovland var blant dei beste mot Torvastad, reiser tilbake til USA før haustsesongen.

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse