Annonse
Dryla.no

To kamper på tre dager - sesongen er i gang!

Rosseland starta kampsesongen med treningskamper mot Randaberg og Brusand.

Publisert:

Sist oppdatert: 08.02.2023 kl 12:07

To fine gjennomkøyringar med fordeling av speletid, ingen skadar og gode forhold, ga Rosseland eit godt grunnlag i oppkøyringa mot seriesesongen.

Randaberg - Rosseland 1-2 (0-1)

Sundag 5. mars spelte laget sin første kamp i Randaberg Arena. Dei oransje var fysisk godt rusta og overraskande klare for sundagskamp mot Randaberg.
Rosseland vann 2-1 etter flotte scoringar av Eirik Gundersen og Imre Aune. Anders Espeland debuterte mellom stengene.
Kampfakta
(Du kan sjå kampen her)

Eirik Gundersen, Imre Aune og Anders Espeland.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Eirik Gundersen, Imre Aune og Anders Espeland. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland - Brusand 4-1 (1-1)

48 timar etter avspark i hallen, starta ein ny kamp på Rosselandsbanen. Brusand var gjester for første gong sidan 2013-sesongen.

Lite fungerte før pause, men laget spelte seg til nokre gode sjansar. Even Aasen heada inn 1-0 på corner, Brusand utlikna rett før pause.
Andreomgang var betre for heimelaget. Eit mønsterangrep ga 2-1 tidleg, før ein handssituasjon ga straffe og raudt kort.
Rosseland køyrde over Brusand 11 mot 10 dei siste 20 minutta og burde vunne med fleire mål. Fin gjennomkøyring og mykje speletid til alle.
Kampfakta

(Sjå kampen her)

Startellever mot Brusand.

Startellever mot Brusand.

Nøkkelord

Annonse