Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Full fyr i teltet då Rosseland auka til 4-2 på straffespark i sørenden mot Nord. Truls Vagle tok turen til cornerflaget for å feire med ungane. Foto: Gunnar U. Stangeland
Rosseland låg under 1-2 til pause. Heva seg i andre omgang og sette tre mål mot sør mot Nord.
Publisert: 09.09.2022 kl 22:15
Sist oppdatert: 10.09.2022 kl 10:47
Rosseland slo tilbake etter bortetapet mot Vard II, men måtte grave djupt for poenga mot eit friskt og godt organisert Nord-lag.
Gjestene var best store deler av første omgang. Sjølv om Rosseland tok leiinga etter eit øyeblikks magi av Vetle Apneseth, var det Nord som hadde ballen mest og skapte dei fleste store sjansane før pause. Måla var kanskje av det litt heldige slaget, men haugesundslaget hadde to stolpetreff og fleire gode forsøk i tillegg til scoringane.
Foto: Gunnar U. Stangeland
Rosseland kom ut i hundre etter pause og var nær utlikning 2-3 gonger berre i løpet av det første minuttet. Nord hang i taua, medan Rosseland misbrukte den eine sjansen etter den andre.
Ut av neste ingenting løsna det for heimelaget midtvegs i omgangen. Ein befriande langpasning fann Jarle Madland som varta opp med ein kjempe-assist til Sondre Hovland. 2-2! Berre minuttet seinare scora Geir Dahle Høyland eit av årets viktigaste mål. Frå pressa situasjon klemde han avgårde eit hardt skot som sneik seg i nærmaste hjørne - 3.2 og kampen var snudd på hovudet i løpet av få minutt.
4-2 kom ikkje lenge etter. Innbyttar Imre Aune drog seg fri og fyrde av eit skot som vart blokkert av ei Nord-hand. Straffe! Svein Arne Monsen sette ikke straffesparket eller returen i mål, men sidan keeperen stod langt utanfor målstreken fekk Rosseland ein ny sjanse. Truls Vagle tok betre vare på sjansen frå ellevemeteren og sende ungane på tribunen til himmels med 4-2 og felles feiring i ved cornerflaget.
Nord hadde ingen planar om å gje seg, og då laget fekk straffe og scoring på overtid satsa laget alt framover i håp om poeng. Sju minutt på overtid bles dommer Olaf A. Frøyland av for full tid og tre viktige poeng var kvitterte ut.
Rosselands tre beste mot Nord. Jarle Madland, Vetle Hovland og Vetle Apneseth. Foto: Gunnar U. Stangeland
Jarle Madland vart kåra til dagens Rosseland-spelar, men og dagens kaptein Vetle Hovland, Vetle Apneseth og Geir Høyland utmerka seg mot Nord.
Med unntak av Viking er nok Nord det førebels beste laget Rosseland har møtt på heimebane i år. Neste veke kjem Kopervik på besøk, før tøffe kamper mot Frøyland og Madla står i kø.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.