Annonse
Dryla.no

Slo Åkra for første gong

3 poeng! Jarle Madland og Rosseland var effektive og gode mot topplaget frå Karmøy.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

3 poeng! Jarle Madland og Rosseland var effektive og gode mot topplaget frå Karmøy. Foto: Gunnar U. Stangeland

På det sjette forsøket vart det endeleg Rosseland-siger over Åkra! Den første kampen etter ferien var mildt sagt varierande og vart svært målrik.

Publisert:

Sist oppdatert: 17.08.2024 kl 20:11

Heimelaget var på hogget i starten av kampen og hadde god nytte av medvinden. Kristen Reime vart spelt fri og sette inn 1-0 sju minutt ut i kampen. Sondre Svalestad Hovland dobla ti minutt seinare og Geir Høyland fiksa 3-0 minuttet seinare, begge etter corner. Rosseland var supereffektive og slapp seg litt ned etter den tredje skoringa.
Ein så langt god Vetle Hovland slapp seg så langt ned at han ga vekk ballen i eigen sekstenmeter og baud Åkra-spissen på ei scoring.
Åkra hadde fleire farlege sjanser, men Rosseland-forsvaret med keeper Steffen Bolme i spissen, rydda opp i fin stil.
Rett før pause var det duka for nytt corner-mål. Banens beste, Truls Vagle, brukte vinden som vegg og skrudde inn 4-1 på lekkert vis.

Same Truls Vagle punkterte kampen med 5-1 på straffespark i ein litt tam andre omgang. Åkra fekk redusera to gonger mot slutten mot eit stadig meir uinspirert og ustrukturert heimelag, men sigeren var eigentleg aldri trua.

KAMPFAKTA

Dermed slo Rosseland Åkra for aller første gong i historien og tok ein viktig siger mot eit av topplaga i divisjonen.

Neste kamp er årets tøffaste bortekamp mot Varhaug, før Ølen kjem på besøk i kvaftfinalen i Rogalandscupen.

Steffen Bolme slapp inn tre i seriedebuten, men var ein av heimelagets beste spelarar mot Åkra.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Steffen Bolme slapp inn tre i seriedebuten, men var ein av heimelagets beste spelarar mot Åkra. Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse