Annonse
Dryla.no

Sigersrekkja enda på Tasta

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland var nest best i begge boksane då sigersrekkja enda på Tasta.

Publisert:

Sist oppdatert: 19.08.2022 kl 21:26

Rosseland misbrukte sjansen til å hekta Vardeneset av i toppen av divisjonen. Oransjetrøyene hadde sjansar nok til å scora, men avslutninga var ikkje gode nok.

Store sjansar

Kristen Reimes avslutning utanfor åleine med keeper i første omgang og innbyttar Thomas Bekkeheiens heading utanfor frå fire meter var symptomatisk for bortelaget. Anders Hognestad hadde to gode sjanser etter to gode overganger, men scoringa kom aldri. Dermed gjekk Rosseland mållause av banen for første gong i 2022!

Best på dødball

Heimelaget ville mest og var spesielt farlege på dødball. Midtvegs i andre omgang stussa dei eit langt innkast to gonger før ballen gjekk i mål via hovudet til Joakim Berg Holter. 2-0 kom rett før slutt då Rosseland sende folk framover i håp om utlikning. Kaptein Håvardstein var iskald åleine med Sem Bergene.

VBKs gode kaptein Kristian Håvardstein sette inn 2-0 rett før slutt og var godt nøgd etter sigeren. Rosseland har ikkje vunne mot Vardeneset på Tasta sidan 1996!
 Foto: Gunnar U. Stangeland

VBKs gode kaptein Kristian Håvardstein sette inn 2-0 rett før slutt og var godt nøgd etter sigeren. Rosseland har ikkje vunne mot Vardeneset på Tasta sidan 1996! Foto: Gunnar U. Stangeland

Tapet var berre det andre for sesongen, og oransjetrøyene heng framleis med i toppen. Varhaug og Madla spelte 2-2 i den andre toppkampen fredag.

Vikarback

I brødrene Time og Svein Arne Monsens fråvær var Kai Ove Stokkeland tvungen til å gjera endringar i forsvarsrekkja. Jarle Madland danna stopparpar saman med vikarkaptein Vetle Hovland. Tremålsscoraren frå sist, Leander Egeland, gjorde ein fin figur som høgreback. Venstreback Even Aasen var lagets beste måndag.

Rosseland hadde nokre tunge forfall mot Vardeneset. Peter og Andreas Time var vekkreiste, Vetle Apneseth var ikkje i form til å starta kampen.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland hadde nokre tunge forfall mot Vardeneset. Peter og Andreas Time var vekkreiste, Vetle Apneseth var ikkje i form til å starta kampen. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Annonse