Annonse
Dryla.no

Rosseland med nytt målshow på heimebane

Sondre Hovland scora tre og gjekk av banen etter ein times herjing med Brusand-forsvaret.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Sondre Hovland scora tre og gjekk av banen etter ein times herjing med Brusand-forsvaret. Foto: Gunnar U. Stangeland

Det vart aldri spanande då Rosseland tok i mot Brusand til lokalderby for første gong på ti sesongar.

Publisert:

Sist oppdatert: 16.04.2023 kl 10:34

Brusand har hatt ei lite gild terminliste i comebacket i fjerdedivisjon. Etter tap mot opprykksjagande Sola (1-4) og Varhaug (0-7), stod formlaget frå Bryne for tur på Rosselandsbanen.
Etter eit minutt burde nok gjestene blitt redusert til ti mann, men heldigvis for kampen fekk Brusand forsetje med fullt lag då Sondre Hovland var lagt i bakken på veg mot mål.
Einar Lye ga Rosseland leiinga etter 11 minutt. Midtbaneeleganten kom på overlap på venstrekanten og skaut ballen i mål via eit Brusand-bein. Minuttet etter dobla heimelaget leiinga då Andreas Time fekk kjempetreff på høgrekanten.

Einar Lye scora 1-0 og vart kåra til Rosselands beste mot Brusand. Andreas Time (t.v.) scora 2-0-målet.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Einar Lye scora 1-0 og vart kåra til Rosselands beste mot Brusand. Andreas Time (t.v.) scora 2-0-målet. Foto: Gunnar U. Stangeland

Hovland-hattrick

Brusand skapte ingenting framover og hadde meir enn nok med å halda Sondre Hovland borte frå mål. Det gjekk berre sånn passe. I løpet av ein halvtime var Rosseland sin toppscorer frampå ved tre høve.
Kristen Reime, Ola Selliken og Herman Rasmussen sette opp Hovland på 3-0, 4-0 og 5-1.
Brusand rakk å redusera til 4-1 rett etter pause då eit frispark, signert Daniel Skretting, gjekk rett i mål frå 25 meter.

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland med maskotar frå eiga barneavdeling.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland med maskotar frå eiga barneavdeling. Foto: Gunnar U. Stangeland

Festkaramell

Innbyttar Even Aasen stod for eit fyrverkeri av ei skoring då han sette fart, dribla seg forbi halve Brusand, og sette ballen utagbart i mål eit kvarter før slutt. Aasen hadde sjansar til å scora fleire, men kampen ebba ut med 6-1.

Jan Rune Hoff er tilbake!
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Jan Rune Hoff er tilbake! Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Annonse