Ny keeper, ein gamal kjenning og ein ferdigutdanna midtbaneøkonom

Øyvind Kverneland Braaten, Oscar Gåsland og Einar Tunheim Lye speler for Rosseland i 2023! Foto: Gunnar U. Stangeland
Oscar Gåsland (20) er tilbake i Rosseland og blir ein av fleire keepere i årets stall.
Publisert: 11.01.2023 kl 12:25
Sist oppdatert: 11.01.2023 kl 12:25
Oscar Gåsland kjem frå storspel i Klepp IL, før det gjekk han gradene i Bryne FK. Gåsland var ein lovande spiss og goalgetter i Rosseland fram til han var 12 år.
Einar Tunheim Lye er og klar for ny sesong i den oransje drakta. Etter vel fullført økonomiutdanning i New York, har 24-åringen fått seg ny jobb på Forus.
Med seg i angrepsrekkja får Lye Øyvind Kverneland Braaten (29), som er tilbake på Jæren etter fleire år i Bergen. Øyvind har trent med Rosseland ved fleire høve, men har aldri spelt teljande kamp for dei oransje.