Annonse
Dryla.no

Heller ikkje Rosseland tok Hinna

Bydelslaget Hinna har imponert stort i treningskampane i vinter. Laurdag slo dei Rosseland 3-0 i Randaberg Arena, oransjetrøyene første tap i ein treningskamp på over to år.

Publisert:

Sist oppdatert: 08.03.2024 kl 10:28

Hinna kom frå 5-1 over Vidar og 3-0 over Varhaug, og Rosseland kom heller aldri nærmere enn tverrleggeren då laga møttest til treningskamp inne i Randaberg Arena.

Laga hadde kvar sin omgang, Rosseland skapte ein del store sjansar før pause. Kristen Reime var nærmast då han traff tverrleggaren.

Etter kvilen var Hinna det førande laget, men to store sjansar før Sondre Hovland måtte forlata banen kunne ha endra på sluttresultat. Hovland var svært nær utlikning då han lobba over keeper. Spretten vart for hard i Randaberghallen, og ballen smaug seg over tverrleggeren i staden for i mål.

Stavangerlaget stod for scoringar i begge omgangane og vann 3-0 til slutt.
Dette var Rosseland sitt første tap i ein treningskamp sidan januar 2022.

KAMPFAKTA

No venter Klepp i siste test før NM kval mot Frøyland mandag 11. mars.

Nøkkelord

Annonse