Annonse
Dryla.no

Heldt nullen mot Søgne og Bryne II

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Dei to siste treningskampane før alvoret startar vart ikkje målfester, men to sigrer og null baklengs lover godt før kampen mot Ålgård i Rogalandscupen.

Publisert:

Sist oppdatert: 22.02.2023 kl 09:46

Treningskamper på nøytral bane er sjelden kost for Rosseland, men begge treningskampane mot Søgne og Bryne vart faktisk spelt hos eksterne naboar.

Nøytral bane 1

Søgne inviterte til dobbelkamp på Eigerøy. Først mot Rosseland, deretter mot Eiger. Rosseland hadde god kontroll i Hålå. Eit mål i kvar omgang, signert Einar Lye og Ola Selliken, vart forskjellen på laga.

Anders Espeland heldt nullen for første gong som Rosseland-keeper.
Anders Hognestad var kaptein i sin A-lagskamp nr. 200 for Rosseland.

Kampfakta

Nøytral bane 2

Berre tre dager seinare vart det spelt ny treningskamp. Denne gong mot Bryne 2 på Undheim stadion. Igjen heldt Anders Espeland nullen, saman med eit godt forsvar. Spesielt på slutten var det store sjanser for gjestene, men Jarle Madland og resten av forsvarsrekka ofra seg for å unngå baklengsmål.
Første omgang var sjansefattig og jevnspelt, Rosseland var klart best i starten av andre omgang. Kampens einaste scoring kom ikkje før heilt på slutten. Svein Arne Monsen scora sitt 194. A-lagsmål i sin 370. A-lagskamp.

Kampfakta

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Annonse