Annonse
Dryla.no

Flott førsteomgang, mykje rot i sluttminutta

Årets tredje treningskamp enda med hockeyresultat.

Publisert:

Rosseland leverte ein svært god førsteomgang mot opprykksfavoritten. Med vinden i ryggen køyrde heimeladet tidvis over eit litt naivt og ungt bortelag.
Kontringar og flotte angrep resulterte i 3-0 før halvtimen var spelt, Rosseland kunne fort leda endå meir til pause.

Ampert

Andre omgang vart ikkje like velspelt. Regnet tok seg opp og bortelaget vart stadig meir frustrerte. Dei gav vekk eit straffespark som Truls Vagle ekspederte i mål, men sparka og ned Vetle Apneseth som ikkje fekk straffe. Etter ei stygg stempling på Leader Egeland vart det enda meir ampert, den siste halve timen vart veldig mykje start-stop og prega av mange frispark og bytter.
Sola vann 3-2 i andre omgang, mest på grunn av sviktande konsentrasjon i forsvaret til heimelaget.

Kampfakta

Nøkkelord

Annonse