Annonse
Dryla.no

Ein god omgang var ikkje nok mot Sola

Geir Dahle Høyland syner Vetle Apseth og Sondre Hovland kor målet står, men det vart ingen scoringar mot Sola.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Geir Dahle Høyland syner Vetle Apseth og Sondre Hovland kor målet står, men det vart ingen scoringar mot Sola. Foto: Gunnar U. Stangeland

Sigersrekkja enda på elleve kamper, no er Sola i førersetet om opprykk til tredjedivisjon.

Publisert:

Sist oppdatert: 03.11.2023 kl 23:13

Meir enn 700 tilskodarar hadde teke turen til Sola stadion for å sjå kampen mellom dei to topplaga i den nest siste serierunden. Omlag 200 var frå Rosseland og dei tilreisande fekk sjå ein førsteomgang der dei oransje tidvis dominerte i motvinden.
Store sjansar vart for første gong sidan august ikkje omsette i mål, men gjestene hadde god kontroll fram til pause.

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Svikta i duellspelet

I medvinden etter pause, såg det ut som om Rosseland skulle få gode arbeidsforhold. Dei første fem minutta var laget dominerande, men Sola såg ut som dei ville meir. Spesielt i duellspelet tok heimelaget over initiativet, Rosseland vart passive og etterkvart litt baktunge.
Sola fekk ein del dødballar, men det var på eit bakromsløp det viktige første målet kom.
Rosseland-forsvaret feilberekna ballbana og Simen Berntsen var kald åleine med Oscar Gåsland i Rosseland-målet.

2-0

Då same mann dobla fem minutt seinare, tok heimepublikumet fullstendig av på Sola. Banestorming (sjølv om det er ein tøff bortekamp igjen) vill jubel, og masse påfyll av energi og adrenalin hjå heimelaget. Mykje av lufta gjekk ut av dei oransje. Betre vart det ikkje då venstrekant Even Aasen fekk sjå det andre gule kortet etter ei takling.

Kai Ove Stokkeland var godt nøgd med dei første 45 mot Sola. Etter pause var heimelaget best.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Kai Ove Stokkeland var godt nøgd med dei første 45 mot Sola. Etter pause var heimelaget best. Foto: Gunnar U. Stangeland

Annullert scoring

Gjestene flytta opp Peter Aarrestad Time og kom til sjansar. Ei litt tvilsam annullering av scoring var det nærmaste laget kom redusering.
Sola vann fortent etter å ha sett sjansane og levert ein god andre omgang.

Rekordrekkja enda dermed på 11 strake sigrar. Sist Rosseland slo Sola i serien på Sola stadion var i 2006.
Ein kamp gjenstår av årets serie, Rosseland speler heime mot Vardeneset i siste serierunde. Sola møter Varhaug på bortebane, ingenting er eigentleg avgjort i opprykksstriden.

KAMPFAKTA

Nøkkelord

Annonse