Annonse
Dryla.no

Denne gjengen skreiv Rosseland-historie

Ikkje alle følte seg komfortable med å feire 1-5 på Tau, men i historisk perspektiv er den ellevte strake sigeren i serien ein ganske stor prestasjon.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Ikkje alle følte seg komfortable med å feire 1-5 på Tau, men i historisk perspektiv er den ellevte strake sigeren i serien ein ganske stor prestasjon. Foto: Gunnar U. Stangeland

Uansett korleis det går i opprykkskampen mot Sola, har Rosseland skrive klubbhistorie med elleve strake sigrar. Fredag sletta årets A-lag den 43 år gamle rekorden med 5-1-siger borte mot Midtbygdens.

Publisert:

Årets utgåve av Rosseland A-lag har sletta ei rekkje rekordar i 2023. Fredag rauk klubbrekorden med flest seriesigrar på rad, og det var nedrykkstrua Midtbygdens som fekk unngjelde på Tau stadion.

Dei oransje viste ingen nåde mot heimelaget. Sjølv om Stig Lyse utligna Jarle Madlands 0-1-skoring vart det aldri spanande denne fredagskvelden. Til det var forskjellen på laga for stor. 1-2 til pause etter ny frisparkskoring av Einar Lye, vart til 1-3, 1-4 og 1-5 i andre omgang. Sondre Hovland, Jarle Madland (med sitt andre) og eit spektakulært dribleraid av innbyttar Imre Aune ga ny storsiger. Ein god Oscar Gåsland i RBK-målet hindra fleire MIL-mål.

No er det opp til Rosseland om dei vil forbetra rekorden og fullføra supersesongen med opprykk til tredjedivisjon. Fredag venter seriefinale mot eit Sola-lag som før sesongen var superfavorittar til å rykke tilbake til tredjedivisjon.

PS: Rekorden på ti seriekamper med siger vart tangert sist kamp mot Randaberg, første gong eit Rosseland-lag gjekk ti kamper utan å avgje poeng var i debutsesongen i 1980.

Rekordrekkja i serien

25.08.2023
Rosseland - Frøyland 2 - 1

04.09.2023
Brusand - Rosseland 0 - 4

09.09.2023
Rosseland - Vidar 2 2 - 0

16.09.2023
Stavanger - Rosseland 0 - 2

21.09.2023
Rosseland - Bryne 2 7 - 1

27.09.2023
Randaberg - Rosseland 4 - 6

02.10.2023
Egersund 2 - Rosseland 2 - 3

06.10.2023
Rosseland - Klepp 6 - 0

13.10.2023
Hundvåg - Rosseland 1 - 11

19.10.2023
Rosseland - Randaberg 8 - 1

27.10.2023
Midtbygdens - Rosseland 1 - 5

KAMPFAKTA

LES MEIR OM KAMPEN - midtbygdens.com

MIL måtte ha poeng mot Rosseland fredag og er no i store problem med tanke på vidare fjerdevisjonsspel.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

MIL måtte ha poeng mot Rosseland fredag og er no i store problem med tanke på vidare fjerdevisjonsspel. Foto: Gunnar U. Stangeland

Jarle Madland vikarierte på venstre back, skora to og assisterte eit mot MIL.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Jarle Madland vikarierte på venstre back, skora to og assisterte eit mot MIL. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland hadde ikkje vunne borte mot MIL sidan 2003. Då reiste laget opp med 11 mann og spelte på gras.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland hadde ikkje vunne borte mot MIL sidan 2003. Då reiste laget opp med 11 mann og spelte på gras. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Annonse