Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Rosseland heldt tett i 95 minutt, men er ute av Rogalandscupen etter straffedrama.
Publisert: 27.05.2025 kl 22:55
Sist oppdatert: 27.05.2025 kl 22:56
Rosseland hadde full kontroll bakover, men var tannlause framover. Dei sjansane dei skapte traff ikkje mål eller vart plukte opp av Bogafjell-keeperen.
Dei oransje mangla mykje offensiv kraft til bortekampen mot Bogafjell. Suspensjon, skader og sjukdom ramma spesielt frontrekka hardt, Sondre Hovland, Albert Tjåland, Vetle Apneseth, Leander Egeland og Kristen Reime var alle uaktuelle. Geir Høyland vikarierte som midtspiss, men måtte ut med skade etter berre 19 minutt.
Bogafjell skora på straffe før kampen og hadde eit skot på Rosselandmålet i løpet av kampen. Dei kvite kunne ligga bak og satsa på kontringar mot eit oppjaga bortelag . Den tidvis intense jaginga framover resulterte ikkje i skoring før midt i andre omgang, då var kreftene i ferd med å ta slutt. Herman Rugland sette ein retur i mål før krampa tok han. Gjestene gjorde grep for å få den avgjerande skoringa, men det ville seg ikkje for Peter Time, Jarle Madland eller Eskil Tjåland.
Rosseland var det klart beste laget og hadde fortent meir, men denne kvelden hadde Bogafjell mest å by på. To utslitne lag måtte ha straffesparkkonkurranse for å avgjere duellen. Heimelaget, som hadde forsvart seg godt i 95 minutt og hadde alt å vinna, skora på fire forsøk frå 11 meter. Eit meir enn Rosseland.
Dermed er Rosseland ute av Rogalandscupen for denne gong.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.