ANNONSE

Artikkelen fortsetter etter annonsen.

Annonse
Dryla.no

Beste seriestart på 9 år

...men Rosseland tek ferie på femteplass

Eit tap, to uavgjorte og sju sigrar er fasit før sommarpausen for Rosseland. Det held berre til femteplass på tabellen.

Dryla.no
Dryla

Publisert:

Sist oppdatert: 16.08.2022 kl 12:45

23 poeng på dei første ti kampane er den beste seriestarten Rosseland har hatt i fjerdedivisjon sidan 2013. Den gongen opna laget med åtte sigrar og to tap og stod med 24 poeng etter den tiande kampen 6. juni. Endå betre starta laget i 2006, ni av ti sigrar og 27 poeng var fasit etter dei første ti. I 2019 var laget ubeseira etter ti kamper, men dette var sesongen Rosseland kava nede i femtedivisjon.

Poengfangst etter dei ti første kampane:


2022 - 23 poeng
2021 - 14 poeng
2020 - Serie avlyst
2019 - 27 poeng (5. divisjon)
2018 - 13 poeng
2017 - 12 poeng
2016 - 16 poeng
2015 - 17 poeng
2014 - 16 poeng
2013 - 24 poeng

Klepptrenar Ørjan Grødem spelte for Rosseland då laget tok 24 av 30 poeng i seriestarten i 2013.

2012 - 22 poeng
2011 - 6 poeng (3. divisjon)
2010 - 22 poeng
2009 - 17 poeng
2008 - 19 poeng
2007 - 12 poeng
2006 - 27 poeng
2005 - 11 poeng
2004 - 25 poeng

Klepps unge mannskap stod godt i mot i første omgang. Etter kvilen gjorde Rosseland kort prosess. Foto: Gunnar U. Stangeland

Torsdag tok Rosseland oppskriftsmessig seg av eit Klepp-lag som har hatt det tøft den siste tida. Heimelaget hadde mykje ball, men sleit med den avgjerande pasninga og avslutningane.
Etter pause løsna det. Vetle Johannesen Apneseth gjorde det meste sjølv og sette inn si femte seriescoring.
Truls Sælevik Vagle dobla frå straffemerket like etter, og då Vetle Hovland heada inn Vagles corner var sigeren i boks.

26. Vagle vart kåra til banens beste. Strødde om seg med gode pasningar, sette straffeskoring og varta opp med nok ein assist på corner. Foto: Gunnar U. Stangeland

Luke på tabellen


Med sigeren over Klepp har det danna seg ei lita luke etter dei fem øvste laga på tabellen. Klepp er best of the rest, men har god margin både til toppen og botn. Lura verkar fortapt utan poeng på dei første ti kampane.

Rosseland har framleis ikkje møtt Nord, Lura og Varhaug og har ein hengekamp på dei fire laga over på tabellen. (To på Madla).

Første seriekamp etter ferien er mot opprykksjagande Varhaug 1. august.

Vetle Apneseth, Geir Høyland og Sem Aleksander Bergene har starta alle dei ti seriekampane så langt. Apneseth er så langt toppskorar saman med Kristen Reime som også har fem seriemål.

Nøkkelord

ANNONSE

Artikkelen fortsetter etter annonsen.

Annonse