Annonse
Dryla.no

Åttemålsiger i historisk nabomøte

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

I ausande regnver og komfortabel medvind heldt Undheim stand mot Rosseland i 49 minutt. Så opna slusene seg for alvor.

Publisert:

Sist oppdatert: 29.02.2024 kl 15:16

Rogalandscupkampen var utruleg nok det aller første møtet mellom dei to Time-klubbane på A-lagsnivå i tellande kamp.
Oscar Gåsland redda det første av Undheim sine to divisjonsforskjellstraffespark før kampen, Alexander Undheim sette det andre i mål.
Fjerdedivisjonslaget Rosseland køyrde som venta kampen frå start i uveret, men var unøyaktige og ukonsentrerte i angrepspelet. Laget skapte mange sjansar, men sleit med å omsetja i scoring. Undheim ofra seg og kasta seg inn i duellane. Etter sju minutt var dei litt vel ivrige og sørga for kveldens første straffespark til Rosseland. Truls Vagle skapte balanse frå straffemerket, heimelaget fortsette å forsvara seg djupt og godt heilt til pause.

Hovland-show

Ei lita vermelding frå Rosseland-trenar Stokkeland, fem spelarbytte, og vinden i ryggen gjorde noko med kampen. Innbyttar Sondre Hovland snudde kampen på eigenhand i løpet av få minutt, og ga seg ikkje før han hadde hamra fire i nettet bak Fredrik Byberg. Fire scoringar på 17 minutt er imponerande uansett motstand og nivå!

Straffebonanza

På 1-5 då kreftene til sjettedivisjonslaget ebba ut, tok frustrasjonen overhånd. Forsvaret var på etterskudd og laga frispark og straffespark på løpande band. Vetle Hovland og Jarle Madland vart begge felt og sette straffene i mål sjølv, Madland skulle nok hatt eit par forsøk til frå straffemerket etter å ha blitt lagt i bakken tre gonger på fem minutt.

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Trøystemål

Heimelaget fekk seg eit trøystemål og eit skikkeleg spelemål ved Adrian Vigre Rugland, før Kristen Reime og Svein Arne Monsen la på 2-8 og 2-9 etter flott angrepsspel. Imre Aune sørga for tosifra då han fastsette sluttresultatet til 2-10.

Brødreduell

Brødreduellen mellom Einar Tunheim Lye og Gøran Tunheim Lye endte uavgjort, då ingen av dei kom på scoringslista, men storebror Einar kunne smykka seg med eit sjeldant cupavansement etter 90 svært fuktige og kalde minutt.

Rosseland er vidare frå første runde i Rogalandscupen for første gong sidan 1996!

#Undheim ILVis flere

#RogalandscupenVis flere

Annonse