Annonse
Dryla.no

400 kamper for Rosseland!

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Svein Arne Monsen kom inn til sin 400. A-kamp for Rosseland mot SIF onsdag. Den gamle målsniken feira sjølvsagt med skoring.

Publisert:

Sist oppdatert: 19.05.2024 kl 16:05

Kampen mot SIF vart aldri spanande. Rosseland hadde kontroll frå start til slutt. Sjansane kom tett og ofte, 5-0 til pause var ikkje eit mål for lite.
Imre Aune, Sondre Hovland, Andreas Ueland, Kristen Reime og Einar Tunheim Lye sørga for flotte skoringar, men den same gjengen hadde sjansar til å skora dobbelt så mange.

1-0 og 2-0
Rosseland- SIF 8-0 (5-0)

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Gjestene frå Stavanger var litt betre og litt mindre naive etter pause, og nullen for omgangen sprakk ikkje før banens beste, Einar Lye, klinte eit frispark i vinkelen frå 20 meter.
Innbyttar Geir Dahle Høyland hadde marginar då han sette inn 7-0, medan 8-0 var ei skikkelg perle.

KAMPFAKTA

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosselands nest mestskorande spelar gjennom alle tider heada kontrollert inn det flotte innlegget frå Sondre Hovland i sin 400. kamp for Rosseland.
Svein Arne Monsen har spelt i oransje sidan 2008-sesongen då han debuterte med 3-3 mot Voll.
Sidan den gong har det blitt 197 skoringar for 36-åringen, som no jaktar 200 A-lagsmål.

Annonse