Annonse
Dryla.no

Til første runde for tredje gang i historia

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Fortent bortesiger på Varhaug.

Publisert:

For ein nydeleg kveld på Varhaug! Rosseland var best og vann fortent 3-1 i den tidvis dramatiske kvalikkampen mot favorittane frå Hå.

Oransjetrøyene starta slapt og trong eit tåpeleg baklengsmål for å vakna. Det gjorde dei til gangs. 1-1 signert Sondre Hovland og 1-2 ved Truls Vagle sørga for fortent leiing til pause.
Varhaug vart redusert til ti mann, men yppa seg meir mot slutten av andre omgang. Då svara bortelaget med ei flott kontring og 1-3 ved lagets yngstemann, Teo Vagle!

Ein strålande gjennomført kamp, me takker Varhaug for kampen og ser fram mot første runde i fotball-NM for tredje gong i historien. Sist, i 2012, møtte me Bryne, kan me håpa på ny cupfest mot dei raude og kvite?

Nøkkelord

Annonse