Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Sondre Hovland skåra to og hadde ein målgjevande då Rosseland køyrde kampen før pause. Foto: Gunnar U. Stangeland
Rosseland står med seks strake sigrar etter ferien, men det var berre så vidt båten bar i andre omgang mot SIF.
Publisert: 19.09.2024 kl 21:45
Sist oppdatert: 27.09.2024 kl 15:02
Rosseland og Sondre Hovland åpna forsiktig, men var skikkeleg på hogget etter ti minutt. Hovland skåra to på to minutt etter flotte angrep, og var med på å setja opp Rosselands tredje skoring like etter. Øyvind Kverneland Braaten kunne enkelt spasera inn 0-3 før halve omgangen var spelt, Rosseland køyrde regelrett over eit heimelag som ikkje traff noko særleg på presshøyde. Truls Vagle kontra inn 0-4, med Sondre Hovland som tilretteleggjar. Leiinga kunne vore større til pause, men humøret var på topp i garderoben ved sidebyttet. Det vart trukke paralellar til usannsynlege comeback. Arsenal-Newcastle og Stabæk-EIK vart trukke fram.
Ingen teikn til kollaps. Godt humør etter 0-4 til pause. Andreomgangen var ikkje like god. Foto: Gunnar U. Stangeland
I andre omgang var det ikkje noko som skulle tyda på kollaps før SIF fekk det første målet. Minuttet etter Rosseland gjorde eit trippelbytte og stokka om på posisjonane smalt det både ein og to gonger.
Rosseland framstod med eit litt tafatte framover og usikre bakover. SIF hadde sjansen til å knappa innpå, men lyktes ikkje heilt før på overtid. 3-4-scoringa var det siste som skjedde i kampen. Rosseland tok tre poeng og vann sin sjette strake, men var litt skuffa over eigne prestasjoner.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.